Hopp til innhold

Er Norges nest beste hoppar, men tener ikkje pengar på idretten

HOLMENKOLLEN (NRK.no): Sjølv om han i år har vore Norges nest beste hoppar, lever Anders Fannemel langt frå noko lukrativt liv ...

Anders Fannemel

IKKJE RIK: Anders Fannemel kan ikkje skryte på seg sponsoravtalar og pengeinntekter på nivå med dei beste utøvarane i skiskyting og langrenn. – Det er uansett ikkje pengane som er motiverer meg, seier han.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg var heilt tom for pengar før vinteren starta. Det går bra, men det er ikkje noko luksustilværet, seier Anders Fannemel.

Du hadde kanskje trudd at ein landslagsutøvar i ein av Norges nasjonalidrettar tente godt med pengar? Vel, så enkelt er det ikkje.

– Eg får dekt bilen av lokale sponsorar, og det set eg veldig stor pris på. Men elles er det tynt med sponsorar. Eg har heilt resultatbaserte inntekter, seier Fannemel.

Det står i skarp kontrast til utøvarar i andre vinteridrettar som langrenn og skiskyting, der sponsorkronene sit langt lausare. Skiforbundet har sponsorar utøvarane må gå med, men det kan vere tyngre for hopparane å skaffe seg personlege sponsorkroner.

– Det kjennest sjølvsagt urettferdig

Det stadfestar også landslagstrenar Alexander Stöckl.

– Utøvarane våre lever av premiepengar. Om dei hoppar godt nok, kan dei tene bra. Men då må dei ha ein del plasseringar i topp ti i verdscupen for at det skal bli noko særleg med pengar, seier han til NRK.no.

– Elles treng dei lokale sponsorar. Og så betaler forbundet reiser og samlingar, forklarer han.

– Det er langt større summar i andre idrettar. Kjennest det urettferdig?

– Sjølvsagt kjennest det urettferdig. Men vi må berre leve med det og prøve å skape betre resultat, slik at vi syner att meir i media. Om vi klarer det, får gutane også meir pengar, seier Stöckl.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel falt under dagens hopp kvalik i verdenscupen

FALL STYGT: Anders Fannemel fall stygt under kvalifiseringa til Holmenkollrennet. Først måndag blir det difor endeleg klart om han reiser til VM i skiflyging.

Må prestere for å tene pengar

Fannemel sikra seg ein sterk femteplass i OL i Sotsji. Det gav likevel ikkje resultat på konto, då det ikkje er pengepremiar i olympiske leikar.

I verdscupen er det derimot betre betalt. Ein siger er verdt 10.000 sveitsiske franc – eller 68.000 kroner. Så går summen nedover, heilt ned til 100 franc – eller 800 kroner – for 30.-plassen.

– Eg må ha ein del topp ti-plasseringar for å få det til å gå rundt, seier Fannemel.

Etter rennet i Oslo er han på 26. plass i verdscupen samanlagt. Berre Anders Bardal er betre av dei norske hopparane. Og det er mange om beinet i verdstoppen.

– Korleis har det gått økonomisk med deg i vinter?

– Tja. Eg skal vel berge meg eit år til, smiler Fannemel.

Trur det kan bli moro i VM

Han understrekar at det ikkje er pengane som er motivasjonen hans til å drive med skihopping. Idretten er rett og slett det kjekkaste han veit å drive med.

– Og så er det slik at ein må prestere for å bli populær, og då er det vel berre naturleg at det er som det er, seier han.

Måndag blir det truleg klart at Fannemel reiser til VM i skiflyging i Harrachov. Etter at han ramla i Holmenkollen, skal han finne godkjensla igjen på trening på Lillehammer.

– Anders har eit stort potensial i skiflyging. Han har jo verdas nest lengste hopp. Så om han kjem i form, kan det bli moro i VM, seier Alexander Stöckl.