Hopp til innhold

- Det er forferdeleg å sjå på

Siv Beate Fjærestad (36) frå Vik har sete klistra framfor fjernsynet i New Zealand i snart halvanna døgn. Jordskjelvkatastrofen i Christchurch set eit uhyggeleg preg på kvardagen.

Siv Beate Fjærestad på New Zealand

PREGA: Siv Beate Fjærestad frå Vik synst det er forferdeleg å følgje med på tv-bileta frå Christchurch. Her har den Pyne Gould Corporation-bygningen rasa saman.

Foto: HO/Reuters/privat HO / Reuters

- Sjølv om vi er trygge her vi er, er det heilt forferdeleg å sjå på kor mange som har blitt råka, seier Siv Beate Fjærestad frå Vik.

Fryktar mange omkomne etter jordskjelv

Fleire hundre personar kan ha omkome i det kraftige jordskjelvet som tysdag skaka Christchurch, som er den nest største byen på New Zealand.

Redningsarbeidarane amputerer no kroppsdelar for å få folk ut av ruinane.

Prega av katastrofen

Fjærestad bur i den vesle byen Featherston, vel ein time nordaust for Wellington. Her merka dei ikkje noko til sjølve skjelvet som målte 6,3 på Richters skala.

Men dei grufulle fjernsynsbileta frå jordskjelvet pregar også Fjærestad sterkt.

- Det er skremmande at så mange framleis er sakna. Mange er sperra inne i bygningar og har truleg ikkje overlevd. Bygningane har kollapsa over dei, og det har vore fleire brannar, seier Fjærestad til NRK.no.

For tida er ho heimeverande med ein liten baby, og har følgd med dramaet på fjernsynet.

- Det er lite vi kan gjere, men vi har kontakta Røde Kors og sagt at vi har eit ledig rom dersom nokon treng ein plass å bu, seier Fjærestad.

(Artikkelen held fram under kartet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Det var ekkelt

Heime i Vik sit mamma, Marit Aafedt Fjærestad. Ho synst det var skikkeleg ekkelt då meldingane om jordskjelvet på New Zealand kom på norske nyhende.

- Det er 12 timar tidsforskjell, og når eg er redd for kva som kan ha skjedd ho, er det ikkje alltid eg kan ringe, seier Marit Aafedt Fjærestad.

Heldigvis fekk ho fort kontakt med dottera som kunne fortelje at dei ikkje var råka av jordskjelvet.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Desperat kamp for å berge liv

Sonen råka av flaum

Og det er ikkje første gong Marit Aafedt Fjærestad har opplevd at ungane hennar er i området som er råka av naturkatastrofar.

Då byen Brisbane i Australia, tidleg i januar var truga av flaum, sat sonen hennar, John Ove Fjærestad midt i det, men måtte til alt hell ikkje evakuere.

- Det har vorte veldig mykje i det siste, så det er skremmande, seier mamma Fjærestad som er glad begge borna er trygge.

Sjølv trur dottera at det er vanskelegare for mora.

- Eg veit jo at vi var trygge, så eg føler mindre på det. Dersom vi er i fare og det skjer midt på natta, så kjem eg til å ringe, seier Siv Beate Fjærestad.