Hopp til innhold

- Det er for langt til Volda

Innbyggjarane i Nordfjord rasar etter at Helse Vest vil la fødande reise til Volda.

Astrid Rønhovde

Heidi Rønhovde med nyfødde Henriette på fanget og sonen Håvard.

Foto: Asgeir Jens Reksnes / NRK

- Dette er Henriette, og ho skal døypast 1. juledag, så det vert stas, seier Heidi Rønhovde.

Ho sit med vesle Henriette på fanget heime i huset i Holvika utanfor Måløy.

Den vesle babyen er frisk og rask, trass i at ho kom til verda ein månad for tidleg - og heime i sofaen i stova.

- Tek tid til Volda

Nordfjord sjukehus

Arkivfoto

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Eg ser ingen fordelar med at det vert lengre veg til ei fødeavdeling. Det eg har opplevd no viser jo at ingen fødslar er like, seier Rønhovde.

Då vatnet gjekk laurdagskvelden for ein månad sidan ville Henriette ut raskare enn nokon hadde venta.

På grunn av svangerskapsdiabetes skulle mora føde i Førde, men det var ikkje til å tenke på når det berre gjekk ein time før ho var ute.

Familien rakk altså ikkje ein gong å kome seg i bilen, og ifylgje Fjordenes Tidende var det familien som måtte vere jordmødrer.

Langt å køyre til Volda

- Vatnet gjekk, og me ringde etter ambulanse, men me fekk det ikkje. Dei spurde om me kunne køyra sjølv, og det sa mannen min at han ikkje ville. Då måtte dei senda ambulanse frå Eid, og den kom eit kvarter etter fødselen.

- Ein argumenterer jo med at det vert kortare til Volda enn Førde. Er ikkje det kort nok?

- Eg veit no om mange som ikkje har kome fram til Eid ei gong. Til Volda har du også ferjer du må lita på, eventuelt køyra rundt fjorden, og det tek tid.

- Heilt på trynet

Sjukehuset i Volda

Arkivfoto

Foto: NRK

Helse Førde ynskjer å legge ned fødeavdelinga på Nordfjordeid og den forsterka fødestova i Lærdal og denne veka la Helse Vest fram ei styresak som seier at tilbodet til dei fødande skal vere i Volda . Dei meinar vel to times køyring frå ytre delar av Nordfjord er nær nok.

På gata i Måløy er folk beint fram rasande på sjukehustoppane, folk meiner det er meir enn langt nok til Nordfjordeid.

- Eg tykkjer det er heilt borti natta, seier ein NRK har snakka med.

- Det er heilt på trynet alt i hop, seier ein annan.

- Eg tykkjer synd på Stoltenberg & co ved neste val, seier ein tredje.

- Stortinget fjernt frå folket

Roger B. Silden.

Vågsøyordførar Roger B. Silden

Foto: NRK

På ordførarkontoret til Roger B. Silden strøymer telefonane på.

Den 6. desember set han seg sjølv på bussen for å vere med på ein sjukehusdemonstrasjon framfor Stortinget.

- Det er heilt utruleg at me skal vera nøydde til å reisa til Oslo for å demonstrera for eit slikt grunnleggjande tilbod til det norske folk. Stortinget må byrja å verta temmeleg fjernt frå det som skjer ute i landet.

Silden seier han sjølv har fått to barnebarn på Nordfjordeid som ikkje ville nådd fram i tide til Volda.

- Lite freistande å flytta heim

Ap-ordføraren meiner regjeringa held folk for narr om dei påstar at eit Nordfjord sjukehus med berre medisinske senger og nokre polikliniske tilbod kan reknast for å vere eit lokalsjukehus.

- Folk opplever å sitja heime i stova og sjå på fjernsynet at politikarane lovar lokalsjukehusa skal bestå. Når me ser kva som skjer på vårt sjukehus, er det å halda innbyggjarane for narr, seier Silden.

Tilbake i Holvik ligg vesle Henriette i armane til mor si. Heidi Rønhovde veit at mange med ho er uroa for framtida for unge kvinner i distriktet.

- Det er skremmande å tenkja på, for hadde me vald å køyra sjølve ville me ikkje nådd fram. Ved å leggja ned lokalksjukehus og halda på slik er det jo ikkje freistande for folk flytta heim, seier ho og legg til:

- Me har det jo utruleg flott her, så det er jo synd om folk let vera å flytta heim på grunn av slikt.