Hopp til innhold

– Vi må berre halde oss inne. Det er farleg å vere ute

Kjell Sandal og familien på Isane i Bremanger torer knapt gå utomhus første juledag. – Dette er det verste eg har opplevd nokon sinne. Det er farleg å vere ute slik det er no, seier Sandal frå den straumlause bygda.

Vinden herjar for alvor på Isane på sørsida av Sognefjorden andre juledag. Straumen i bygda er borte vekk, og folk i bygda meiner vinden herjar verre enn den gjorde under romjulsorkanen Dagmar for to år sidan.

SLIK HERJAR VINDEN: Sigbjørn Isene filma denne videoen då han var ute for å hente vatn i elva på indre Isane onsdag ettermiddag.

Eit veldig uvêr slo inn over store delar av Sør-Norge julaftan, og første juledag bles det framleis svært sterk vind mange stader. På Isane i Nordfjord har Kjell Sandal og familien funne ut at det er best å halde seg innandørs.

– Dei snakkar om at det bles kuling, men eg trur det må vere orkan i kasta her inne hos oss. Vinden kjem frå sør, søraust og tek rett på husa her, fortel Sandal.

Ein del av taket på huset og låven er reve vekk i dei veldige vindkasta, og i dag tidleg forsvann straumen. Den kraftige vinden hadde då lagt fleire tre over straumlinja og i løpet av dagen er fleire av høgspentmastene kappa av i vindkasta. Det er usikkert om dei vel 30 husstandane får tilbake straumen i dag.

– Nede ved sjøen står eit naust på halv åtte, og det står sjøsprut over alt, seier Sandal.

(Artikkelen held fram under)

Kjell Sandal på Isane i Bremanger

IKKJE OPPLEVD MAKAN: Seier Kjell Sandal på Isane i Bremanger.

Foto: Hanne Sandal

– Det verste nokon sinne

Sandal bur på indre Isane på sørsida av Nordfjorden. Litt lenger vest ligg ferjekaia på Isane og der bles det så gale at ferja ikkje har tort leggje til i heile dag.

Ferjesambandet Stårheim-Isane har vore innstilt i heile føremiddag, og kaptein Villy Heggøy sa til NRK tidlegare i dag at forholda var svært vanskelege.

Kjell Sandal (58) seier han aldri før har opplevd eit liknande ruskevêr i området.

– Rutene på huset vårt er heilt kvite av sjøsprut. Fjellet Aksla som ligg litt lenger inne er vel 600 meter høgt, og til og med der står sjøråka heilt på toppen. Det er saltvatn over alt, seier han om det veldige uvêret.

– Dette er det verste eg har vore med på av slikt sørleg vêr nokon sinne. Det er heilt sikkert. I tillegg har varer det så lenge, no stormar det på andre dagen.

(Artikkelen held fram under)

Uvêr på Isane i Nordfjord første juledag

GÅR KNAPT NOK UT: Familien til Kjell Sandal går knapt nok utomhus første juledag på grunn av den sterke vinden.

Foto: Hanne Sandal

– Dette er verre enn under Dagmar

I same område er Sigbjørn Isene heime på juleferie. Han var heime også under orkanen Dagmar i romjula for to år sidan, og meiner det bles endå verre no.

– Vinden tek endå hardare her på Isane enn Dagmar gjorde, men det har med vindretninga å gjere, seier Isene.

Utan straum får dei ikkje vatn i hus, og då han var ute for å hente vatn i elva tok han seg tida til å filme utover fjorden.

– Det er ganske heftig her no, men ein må springe ut mellom dei verste vindkasta, seier han og flirer litt når han seier det truleg vart meir saltvatn enn drikkevatn han fekk med seg opp frå elva.

Jobbar for å få tilbake straumen

Driftsingeniør i SFE Nett, Vidar Solvang, seier det blir jobba med å rette feilen på Isane. Det skal vere 30 kundar som er utan straum.

– Vi prøver lokalisere feilen, men vi får ikkje gjort noko før vinden løya, seier han.

SFE har tre mann i området, men berre sidan dei kom i dag tidleg har fleire tre ramla over linja. Fleire av stolpane har også brotna rett av i dei kraftigaste vindkasta.

– Vi kan ikkje sende folk opp i linja når det er slik, seier han og understrekar at tryggleiken til mannskapet må kome først.

Det er venta at vinden skal løye litt ut på ettermiddagen, og mannskapet vil då gjere forsøk på å rette feilen.

(Artikkelen held fram under)

Uvêr på Isane i Nordfjord første juledag

FARLEG: Kjell Sandal fryktar det skal kome lause gjenstandar og knuse rutene på huset.

Foto: Hanne Sandal

– Rutene bøyer seg i vindkasta

Med barn og barnebarn på besøk blir det mykje innetid denne jula. Noko anna er ikkje forsvarleg, fortel Sandal.

– Når vi på kvelden ser at rutene bøyer seg innover, då er det forferdeleg utidig, rett og slett, seier han.

Skadane på taket får han ikkje gjort noko med så lenge vinden herjar.

– Når vindkulene kjem ristar heile huset. Det verste er om det kjem noko som treff glaset og knuser rutene.

– Det er ikkje noko særleg dette, vedgår Sandal og held fram:

– Vi må berre halde oss inne. Det er farleg å vere ute, seier han.

Kan ikkje love betring med det første

Statsmeteorolog Jørgen Grønneberg ved Vêrvarslinga på Vestlandet forstår godt at innbyggjarane på Isane merkar vinden, men kan dessverre ikkje love betring med det første.

– Vi reknar med at det er liten til full storm på kysten no, og det er sørleg vind, seier han og held fram:

– Det er eit veldig kraftig lågtrykk som er standhaftig, det beveger seg berre litt. I tillegg har vi skysystem som svirrar rundt og som tidvis skapar vindauke på kysten. Og dette ser ikkje ut til å minke før utpå dagen andre juledag, seier Grønneberg til NRK.no i 15.30-tida onsdag.

Han seier folk vil kunne oppleve at vinden blir litt rolegare innimellom, men at det så vil ta seg opp att.

Ferja MF Davik har lagt seg til ro midtfjords på grunn av den sterke vinden

MIDTFJORDS: Bilferja MF Davik har første juledag lagt seg midtfjords medan mannskapet ventar på at vinden skal løye. Biletet er teke frå Stårheim.

Foto: Øystein Torheim