NRK Meny
Normal

- Det er ein skandale

Lærdals-ordførar Knut O. Aarethun kallar handteringa av ortopedien i Lærdal ein skandale.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

No vil han sende eit nytt brev til helseministeren. For han er ikkje sikker på om folk verkeleg forstår kor gale det er.

- Då er det min jobb å prøve å få folk til å forstå det. Det som skjer er ganske alvorleg, seier han.

Granskar innkjøp

Aarethun kalla inn til møte rett etter at fakkeltoget i Lærdal sentrum var avslutta. Eit nytt brev skal sendast til helseministeren, for no skal alle korta på bordet. No vil ordføraren fortelje korleis Helse Vest styrer føretaka.

Lærdalsordføraren har brukt mange harde uttrykk i kampen om lokalsjukehus i Lærdal. Fredag avlyste helseministeren i siste time det planlagde føretaksmøtet, kor det vart rekna med at Sylvia Brustad skulle verne sjukehuset. Det gjorde ho etter at det vart kjend at innkjøp til ortopediavdelinga gjort av overlege Truls Jellestad skulle granskast.

- Liten tillit

Aarethun hevda det var ein "drittpakke" planta i Aftenposten. No er ikkje er tilliten til Helse Vest ikkje som før.

- Den har vore låg før, men no er tilliten i ferd med å forsvinne. Det er måte på kva ein person skal måtte finne seg i, ein person som lagar eit fantastisk tilbod til folk i fylket og landet elles, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser