NRK Meny
Normal

- Det er bjørn i Sogn og Fjordane

- Det overvintrar bjørn i Sogn og Fjordane. Det trur Magne Sagerøy som var med å spora bjørn i Jostedalen i fjor.

Bjørnen
Foto: Nævra, Arne / Nævra, Arne

Høyr: - De må halde tett

Han har også fått tips om at det skal overvintra ein bjørn i Gaular.

- På vårparten fekk eg ein anonym telefon frå ein som spurde om eg ville gå i Gaular og sjekke ein observasjon der. Han meinte det var bjørnehi i Gaular, fortel Magne Sagerøy.

- Kva tenkte du?

- Ikkje usannsyneleg.

- Kan vere to bjørnar

I fjor sommar brukte Sagerøy fritida si på å vere med å spore bjørn i indre sogn. Og sjølv om tipset om bjørnehiet i Gaular aldri vart underøskt, trur han det bur bjørn i sogn og fjordane fast

- Det kan det vere. I fjor meinte dei at det kunne vere ein eller to bjørnar som var komne over frå Austlandet.

- Du trur altså at det kan vere bjørn som oppheld seg fast i Sogn og Fjordane?

- Ja, absolutt, seier Sagerøy.

- Naturoppsynet dyssar ned

I fjor fann dei både sauekadaver og spor etter bjørnen i sogn, men sjølve bamsen vart aldri funnen. I helga var Jarle Oddgeir Solheim på jakttur i Eikefjorden. Og han er brennsikker på det var ein bjørn han fekk auge på kikkertsiktet.

Statens Naturoppsyn var på synfaring i området. Dei fann ingen spor og er skeptiske til historien om at det skal vere ein bjørn i Eikefjord og har bede jegeren om å ikkje fortelje om bjørnen til nokon. Sagerøy seier tilsynet ikkje er så snakkesalige i slike saker.

Bjørnespor på Sunnarvik i Eikefjord.

Magne Sagerøy meiner dette er spor frå bjørnen som vart sett i Eikefjord.

Foto: MMS- Evert Havn

- Dei vil gjerne dysse ned slike saker før dei har konkrete bevis, meiner Sagerøy.

- Dette er bjørnespor

Men uansett kva Statens Naturoppsyn meiner er Sagerøy sikker på at bileta som er tekne av spor i marka i Eikefjord er frå bjørn.

- Ja, dei spora syner kva for dyr som har gått der. Det er ikkje hjort som har gått der, det er ein bjørn.