Hopp til innhold

- Det er «hol i hovudet-politikk»

Det er sjeldan lastebilsjåførane engasjerer seg så mykje i ei sak, seier Per Andreas Øren i Norges Lastebileigarforbund. – Dei seier dette er hol i hovudet-politikk.

Per Andreas Øren

OPPGITT: Per Andraes Øren er leiar i Norges Lastebileigarforbund i Sogn og Fjordane. Han fortel at mange sjåførar og transporteigarar no er svært fortvila.

Foto: Silje Guddal / NRK

I fleire tiår har sjåførane med eit lite tastetrykk kunne overføre ekstra vekt til drivakslingen på bilen, slik har dei sikra at dei kjem seg fram på bratte og glatte vintervegar.

Men no vil Vegdirektoratet stramme inn denne praksisen. Om direktoratet får det som dei vil blir det kaos på norske vintervegar, meiner den norske lastebilnæringa.

Per Andreas Øren er transporteigar og leiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane. Han fortel at han sjeldan opplever at sjåførane blir så irriterte og engasjerte.

– Dei synst det er hol i hovudet-politikk. Sjåførane trur ikkje dei som bestemmer veit kva dette kan føre til, seier Øren til NRK.no.

Vil vekkje til live sovande regelverk

Bakgrunnen for det veldige engasjementet blant lastebilsjåførane er at Vegdirektoratet vil vekkje til live eit sovande direktiv som gjeld såkalla akselløft.

Med å trykke på ein knapp på dashbordet har sjåføren kunne løfta eine akslingen, slik at dei har fått meir trykk på drivakslingen. Dette har i mange år vore blant dei viktigaste verkemidla for å ta seg fram på norske vintervegar.

Men no vil altså Vegdirektoratet gjere grep i forhold til denne praksisen. Reglane seier nemleg at ein ikkje kan køyre fortare enn 30 km/t om ein skal overføre meir vekt til drivakslingen, og det er ikkje lov å ha meir enn 14,9 tonn på drivakslingen. Slik har reglane vore sidan 1998 ifølgje Vegdirektoratet, men dei har ikkje vore følgde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

From InfoDispatcher.SingleFileImporter

KRANGLAR: Vegdirektoratet og norske lastebilsjåførar har svært så forskjellige oppfatningar av kva ei innstramming vil føre til. Sjå TV-saka.

– Ein praksis som har fått leve

Det er det slutt på og Vegdirektoratet vil no handheve reglane strengare. Avdelingsdirektør i Vegdirektoratet, Jon Molnes, vedgår at dei burde ha teke tak i det sovande regelverket tidlegare.

– Eg er for så vidt samd i at dette burde vore teke tak i på eit tidlegare tidspunkt. Men så er det ein type praksis som på eit vis har fått leve som no blir teke tak i, sa Molnes til NRK.no sist veke.

Når reglane no skal etterlevast vil Vegvesenet heller ikkje godkjenne lastebilar utan at dei har utstyr som gjer at boggiasklingen automatisk går ned att om sjåføren køyrer i over 30 km/t.

– Mykje diskusjon og frustrasjon

Per Andreas Øren seier mange sjåførar er svært så oppgidde på grunn av det som no skjer. Han meiner reglane om maksimalt 14,9 tonn på drivakslingen og berre inntil 30 km/t om ein skal løfte boggiakslingen ikkje vil vere godt nok.

– Sjåførane er fortvila. Det er ingen som let dette går forbi i stille, verken av sjåførane eller bileigarane, seier Øren.

– Alle synst dette er vanskeleg å handtere, seier han.

Både på Facebook, på ferjer og kafear og andre plassar der sjåførane samlast går diskusjonen om kva innstramminga vil føre til.

– Det er mange som tek kontakt med meg. Folk synst det er merkeleg at dei går i gang med dette no, seier transportsjefen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Akselløft

KNAPP: Med ein knapp på dashbordet kan sjåføren lett overføre meir vekt til drivakslingen og på den måten få meir trykk på drivhjula. Slik sikrar dei seg betre veggrep på glatte og bratte vintervegar.

Foto: Montasje: Eva Marie Felde / NRK

– Kan ikkje alltid leggje på kjetting

Øren seier det ikkje berre er snakk om å ta seg opp bratte og glatte vegar, men at det også har betydning for å ta seg trygt ned bakkar vinterstid. Han viser til at vegane i Norge går mykje opp og ned, og at føreforholda ofte er svært varierte.

Ofte treng dei litt ekstra hjelp for å ta seg opp eller ned ein liten bakke, og då er løfting av drivakslingen eit svært nyttig hjelpemiddel.

– Nokon gonger er det berre ein liten bakketopp vi skal komme oss opp, ikkje fleire kilometer. Det er ikkje mange plassar som er tilrettelagde for at vi skal leggje på kjetting. Vi kan ikkje stogge trafikken alle plassar for å leggje på kjetting, då blir ein iallfall uglesett.

– Men det kan vel ikkje vere ei unnskyldning at ein ikkje har plass å leggje på kjetting?

– Nei, men viss vi alltid skal køyre med store piggkjettingar, korleis vil vegdekke då sjå ut? Du kan ikkje køyre med kjettingar på hundrevis av kilometer.

– Nyttig også i nedoverbakkar

Han understrekar at sjåførane også i dag legg på kjetting når det er nødvendig. Også i nedoverbakkar kan det å få meir trykk på drivakslingen vere nyttig og trygt for sjåføren, fortel Øren.

– Du kan få meir trykk på drivakslingen og då får ein krefter til å halde igjen nedover. Er det lange bakkar så legg ein alltid på kjetting, det skal ein gjere, seier han.

«Avgjørende betydning for fremkommelighet»

For nokre år sidan såg Vegvesenet nærare på kva effekt norske lastebilsjåførar har av å bruke boggiløft på snøføre.

Dei bestilte ein rapport frå SINTEF, der ein utførte forsøk med forskjellige køyrety på snøføre. Konklusjonen var ganske klar.

Resultatene fra forsøkene viser at tyngden over drivhjulene har vesentlig og avgjørende betydning for fremkommeligheten i stigning. Forsøkene demonstrerer også nokså tydelig at det kan være en stor fordel å ha boggi på trekkvognen. På denne måten kan man øke tyngden over drivhjulene betydelig, og dermed oppnå vesentlig bedre fremkommelighet i stigninger. Ofte vil det også vere en fordel å kunne øke akseltrykket utover de 10 tonn som er den tillate grenseverdien.

Frå SINTEF sin rapport Forsøk med tunge kjøretøy i stigninger

Vil ikkje kommentere

NRK har vore i kontakt med Torgeir Vaa som den gong var prosjektleiar for rapporten frå SINTEF. Vaa jobbar no i Statens vegvesen og vil ikkje kommentere rapporten frå 2009.

I Statens vegvesen var det sjefsingeniør Ivar Hol i Møre og Romsdal som fekk rapporten på sitt bord. Han seier til NRK at funna i forhold til effekten av boggiløft var ganske tydelege.

– Vi prøvde forskjellige køyretykombinasjonar, og vi prøve med og utan å lette boggiakslingen. Det viste klart at ved å heve boggiakslingen sikra ein mykje betre framkomst, seier Hol til NRK.no.

Utelukkar ikkje at fleire vil stå fast

I forsøka som vart gjort kom det mellom anna fram at ein lastebil som køyrde med løfta boggiaksel klarte å ta laust om han fekk stogg i bratte bakkar, medan ein som hadde boggiakslingen nede fekk stogg i bakken.

– Kor viktig er denne praksisen med å løfte boggiaksel for den daglege jobben til lastebilsjåførane?

– Eg har snakka med ein del folk som køyrer tungbil, og dei seier at det å kunne heve boggien i bratte bakkar når føret er vanskeleg, det er avgjerande ifølgje dei, seier Hol.

Sjefsingeniøren i Vegvesenet vedgår at ei handheving av dette sovande direktivet truleg vil føre til at det står fleire norske bilar faste på vinterføre.

– Det er vel ein grunn til å frykte det, spesielt på dagar med vanskeleg føre og bratte stigningar, seier Hol.

Trur ikkje det blir kaos

Avdelingsdirektør ved seksjon for traffikantåtferd i Statens vegvesen, Jon Molnes, har tidlegare sagt til NRK.no at den utbrette bruken av løfting av boggiaksling utover dei vektene som er lovlege, har store konsekvensar for vegnettet.

Han har peika på at det tidlegare var meir stabile vintrar, men at ein no ser meir tining og frysing om kvarandre.

Molnes har ikkje trua på at det kjem til å bli kaos på grunn av handhevinga av regelverket, slik den norske lastebilnæringa fryktar.

– Eg trur ikkje noko på at det blir kaos på norske vegar, har han tidlegare sagt til NRK.no.

– Krav om kjettingar

Molnes viser til at dei norske lastebilane vil greie seg godt om dei følgjer regelverket. Det betyr at dei kan ha opp til 14,9 tonn vekt på drivakslingen og køyre i maksimalt 30 km/t.

– I tillegg har ein krav om at alle tunge køyrety skal ha med seg kjetting, og då har ein høve til å leggje på kjetting før ein går inn i bakken, seier Molnes til NRK.no.

I tillegg meiner Molnes at eit eventuelt krav til vinterdekk med fem millimeter mønsterdjupn vil kunne bidra til god framkomst for den norske lastebilnæringa.

Vil gje det litt tid

På spørsmål om kor vidt desse tiltaka samla sett vil kunne sikre god nok framkomst på norske vintervegar svarar Hol slik.

– Nja, viss du ikkje har nok tyngde på drivhjula så hjelper det ikkje veldig med kjetting.

– Men vi veit ikkje korleis dette blir før vi har prøvd det, så vi får gje oss litt tid, legg sjefsingeniøren til.

Hol vedgår også at ei max fartsgrense på 30 km/t for løft av boggiaksling kan vere problematisk.

– Ved lange stigningar er det ofte lurt å ha litt fart når ein startar på stigninga, så vil denne minke oppover. Viss du må begynne med 30 km/t er oddsa noko dårlegare, seier han.

– Synst du det er ein god ide å vekkje til live dette sovande direktivet?

– Eg forheld meg til det som er bestemt, eg har ikkje glupare hovud enn det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Moen

FORSTÅR DET IKKJE: Terje Moen har sjølv jobba i Vegdirektoratet i 30 år. Han frostår ikkje at dei no vil endre den praksisen som har fått leve i mange tiår.

Foto: Fredrik Saugstad, TransportMagasinet

– Eg forstår det ikkje

Ein som har engasjert seg sterkt i saka er Terje Moen som har nesten 30 års fartstid i Vegdirektoratet. Sidan slutten av 60 talet og fram til år 2000 jobba hans som sakshandsamar ved køyretøyteknisk kontor i direktoratet.

Han forstår ikkje at Vegdirektoratet no ønskjer å vekkje til live eit sovande direktiv. Moen viser til at sjåførane har brukt dette for å ta seg fram på vinterføre, og føreset at dette har blitt gjort på ein forsvarleg måte.

– Eg og mange med meg synst det er unødvendig å endre på dette. Praksisen med boggiløft har vore brukt i 30 til 40 år og Vegvesenet har fram til no ikkje sett noko grunn til å forby det, seier Moen.

Han meiner sjåførane har vore fornuftige når dei brukar moglegheita for å leggje meir vekt på drivakslingen, og at det ikkje er snakk om at sjåførane køyrer rundt med løfta aksling i stor fart.

– Dette har vore brukt med fornuft så vidt eg veit. Det er ikkje berre på fjellovergangane, men også på vanlege vegar i låglandet når det kjem snø, seier Moen.

Stolar på sjåførane

Han har inga god forklaring på kvifor det er så stor skilnad på kva Vegdirektoratet og lastebilsjåførane meiner vil vere resultat av ei handheving av reglane.

Sjølv ser han ingen grunn til å ikkje stole på sjåførane som fryktar dei skal bli ståande faste vinterstid.

– Lastebilnæringa har brukt dette i all si tid, og dei veit kor vanskeleg det er å ta seg fram på vinterføre, seier han.

Ber dei ta til fornuft

Øren håpar på si side at dei skal vinne fram i sine protestar. Norges Lastebileigarforbund har saman med NHO Logistikk og Transport, og Maskinentrepenørenes Fellesorganiasjon sendt brev til Vegdirektoratet der dei ber dei stogge innføringa av regelverket.

– Eg håpar at vi kjem til ei eller anna løysing som gjer at vi kan bli samde, seier Øren.

– Slik det er no føler vi og sjåførane at det er nokon byråkratar som skal handheve ein regel som dei ikkje anar noko om korleis verker, seier Øren.