Hopp til innhold

- Det blir ruspost i Eid

Styreleiar Clara Øberg i Helse Førde gjer i dag framlegg om å gå vidare med planar som direktør Jon Bolstad vil stogge.

Jon Bolstad og Clara Øberg.
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Direktør Jon Bolstad vil stogge rus-posten ved Nordfjord Psykiatrisenter grunna store budsjettoverskridingar.

- Vil ha rusposten

Men seinare i dag kjem styreleiar Clara Øberg til styremøtet med framlegg om å gå vidare med planane. Ho viser til at styret frå før har vedteke at rusposten skal vere i Eid og at dette vedtaket framleis er gjeldande.

- Men det er klart at den må vere innanfor ramma. Eg stolar på at dei har jobba så godt i gruppa og veit så pass mykje om arbeidet at det blir ei hurtigarbeidande gruppe som vil ta det att, seier ho.

- Vi blir forseinka

Det vakte sterke reaksjonar i Nordfjord då det vart kjent at Bolstad ynskjer å stogge heile utbygginga av ein ruspost. Prosjektet som var kostnadsrekna til 16 millionar kroner var i ferd med å sprekke med heile 11 millionar kroner. Mange frykta at stoggen i byggjeplanane skulle føre til at rus-posten vart flytta bort frå Nordfjord. Noko Øberg avviser.

- Det betyr at vi blir noko forseinka, men mi haldning er at rusen er på Eid. Vi kan ikkje bygge for meir enn vi har. Det er 16 millionar vi har, så planane til 27 millionar kroner må endrast.