Hopp til innhold

- Denne har vi venta på

Måndag 12. april var kvitveisen endeleg attende i Davik.

Kvitveis

I Davik har kvitveisen endeleg gjort sin anmarsj for året.

Foto: Harald Lorentz Bakke

- Dette har vi venta på, seier Harald Lorentz Bakke og konstaterer at våren for alvor ser ut til å vere i anmarsj i Davik.

- Veldig tidleg i fjor

Som utdanna gartnar, følgjer Bakke ekstra nøye med på blomane. Etter ein lang og kald vinter, gjer det godt å sjå vårteikna dukke opp det eine etter det andre. I fjor kom kvitveisen opp av bakken allereie 2. april.

- Då var det veldig tidleg, men eg hugsar eitt år då vi fann den første kvitveisen 1. april, seier han.

- Plar følgje med

Bakke har ei bok han plar notere seg slike opplysningar. Det har han gjort nær heile sitt vaksne liv.

- Det er kanskje ikkje kvart år eg hugsar på det, men vi plar følgje med. Det er liksom ein merkedag når kvitveisen dukkar opp. Forhåpentlegvis betyr det at våren er komen, men ein kan fort få seg ein "dukkert" att, ler 50-åringen.

- Nok vinter for i år

Snøen forsvann for to-tre veker sidan i Davik. Sidan har dei venta på at kvitveisen skal kome.

- Påskelilja spratt ut i går og blåveisen har blomstra ei tid. Vi har hatt nok vinter for i år, ler han.