Hopp til innhold

- Den brann godt

Stor sjø og dårleg sikt vanskeleggjorde bergingsaksjonen tysdag.

Det seier losbåtførar på los 103, Willy Opsahl. Losbåten på Fedje var ein av dei første som kom fram til "Husby Junior".

- Bergingsaksjonen var dramatisk nok med både sjø og uver. Det var vanskeleg å komme til. Heldigvis fekk vi ligge i ly av ein annan båt slik at vi fekk berga dei ombord, seier Opsahl.

Havaristen "Husby Junior" var overtent då losbåten kom fram til Sognesjøen utanfor Solund.

- Dei var noko forkomne. Tre av dei verka oppegåande. Den fjerde var litt dårleg. Det var tale om røykskadar, i tillegg til at det sjølvsagt var ei påkjenning å vere i flåten, seier Opsahl.