Hopp til innhold

- Demp forventninga om oljeeventyr

Verbundnetz Gas ber Sogn og Fjordane om å dempe forventningane om eit oljeeventyr i fylket.

Tord Pedersen, adm. dir. i VNG Norge.

Tord Pedersen, adm. dir. i VNG Norge, bad Sogn og Fjordane dempe forventningane om ilandføring av gass.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det vart knytt store forventningar til det store gassfunnet fem mil utanfor Bremanger . Under tysdagens oljemøte i Florø, vart både humøret og forventningane dempa fleire hakk.

Dei må finne minst dobbelt så mykje gass før ei ilandføring kan bli lønsam.

- Skal det bli aktuelt med ilandføring og eige prosessanlegg, så må vi finne betydeleg mykje meir gass enn vi har funne til no, seier administrerande direktør i Verbundnetz Gas Norge, Tord Pedersen.

Pedersen seier at nye boringar må påvise minst dobbelt så mykje gass før ei ilandføring kan bli lønsam.

Fleire funn

I Bremanger gav funnet på Agat-feltet håp om både nye arbeidsplassar og investeringar i kommunen. I tillegg har Statoil avdekka både olje og gass fire mil lenger ute . Både Statoil og VNG vurderer ilandføring til Smørhamn.

- På grunn av funnet vi har gjort, saman med dei to eksisterande funna der ute, er vi i ferd med å evaluere den totale storleiken for å finne ut om det er grunnlag for utbygging, fortel Pedersen.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_11_16_18_32_54_559.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ventar i spenning

Det er til denne tid påvist mellom tre og åtte millionar kubikkmeter gass på Agat-feltet. Pedersen fortalde forsamlinga at det vil ta minst to år før VNG tek ei avgjerd om ilandføring. Framover blir det leita etter meir gass i området. Dagleg leiar i Sunnfjord 2020, Øyvind Bang Olsen, er usikker på om det no kan bli ilandføring av gass i fjordfylket.

- Eg trur vi må kome attende til den type vurdering når dei har fått leita meir og har kome med meir informasjon, seier han.

Bremanger kommune, næringslivet i Flora, ordføraren i Fjaler og Lutelandet Utvikling deltok på møtet som vart leia av fylkesordførar Nils R. Sandal.