Hopp til innhold

- Dei vil fjerne styret og adm.dir

Harry Mowatt meiner Helse Vest vil fjerne administrerande direktør Jon Bolstad og kvitte seg med styret i Helse Førde.

Harry Mowatt

Harry Mowatt meiner Helse Vest ønskjer å kvitte seg med styret i Helse Førde og administrerande direktør Jon Bolstad.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Helse Vest prøver å fjerne både Helse-Førde styret og direktøren, og gje dei skulda for eit dårleg årsresultat, seier Harry Mowatt.

Vil reoppnemne styret

Anny Felde, Harry Mowatt og Helge Bryne - Helse Førde

Anny Felde, Harry Mowatt og Helge Bryne på styremøte i Helse Førde.

Foto: Bård Siem / NRK
Styremøte i Helse Førde: Vidar Vie (t.v.), Jon Bolstad og Clara Øberg

Styremøte i Helse Førde: Vidar Vie (t.v.), Jon Bolstad og Clara Øberg

Foto: Torje Bjellaas / NRK
Oddvard Nilsen

Styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest avviser kritikken frå Harry Mowatt.

Foto: Helse Vest

Torsdag oppnemnde styret i Helse Vest styra i dei andre helseføretaka i Helse Vest, deriblandt Helse Førde. I styrepapira skriv dei:

«Helse Førde er inne i ein krevjande strategiprosess. Styret i Helse Vest reoppnemner difor det sitjande styret, og vil gjere ei ny vurdering av styresamansetjinga i Helse Førde i august i år:»

Knallhard kritikk

Mowatt trekte seg frå Helse-Førde-styret i protest fredag, og er ikkje nådig i omtalen av Helse Vest.

- Det er naudsynt at nokon seier dette. Det er Helse Vest og statsrådar som har skulda for at Helse Førde leverer så dårleg resultat. Eg meiner dei prøver å få skifta ut administrerande direktør Jon Bolstad, og ta tunge nok grep i styret og fjerne det. Og dei vil gjere det ved å finne unnskuldninga i årsresultatet, seier Mowatt.

- Dei har ikkje tillit til oss

Han seier styreleiar Oddvar Nilsen i Helse Vest har ein spesiell måte å oppfatte tillit på når han seier dei har tillit til Helse Førde. For det meiner Mowatt dei ikkje kan ha.

- Vi har opplevd to bakhaldsangrep frå Helse Vest pluss ay dei har erklært mistillit. Dei prøver å leggje ansvaret på lokale folk.

- Viktig å gje beskjed

- Du er den einaste som trekkjer deg?

- Dette er ei vurdering eg tok torsdag kveld. Eg har full respekt for at dei andre i styret held fram. Men eg meiner det var tvingande naudsynt å gje beskjed.