NRK Meny
Normal

- Dei pynta på gruvedriftrapport

Anne Line Thingnes Førsund i miljøgruppa for Førdefjorden kjem med harde skuldingar mot Nordic Mining.

Protestantar frå Vevring møtte statsminister Jens Stoltenberg

Anne Line Thingnes Førsund i miljøgruppa for Vevring og Førdefjorden meiner gruverapporten om rutilutvinning i Engebøfjellet i Vevring er pynta på. Her er Thingnes Førsund i møte med statsminister Jens Stoltenberg tidlegare i år.

Foto: Eline Buvarp Aardal/NRK

Naustdal kommune og Nordic Mining har gjort endringar i konsekvensutgreiinga for gruvedrifta utan å informere om det. Det får Thingnes Førsund til å sjå raudt.

Folkemøte om gruvedrift i Vevring

Kampen mot gruvedrifta i Vevring har ført til mange møter.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kritikkverdig

- Det ser ut til at dei har sminka og oppjustert konsekvensutgreiinga for at den skal sjå betre ut, seier Anne Line Thinges Førsund.

Konsekvensutgreiinga over den omstridde gruvedrfta i Vevring i Naustdal som no er lagt fram, skal ha vesentlege endringar samanlikna med rapporten som vart lagt fram av Nordic Mining for ei tid tilbake.

Mellom anna skal anslaget for kor mange arbeidsplassar som indirekte vil bli skapt av gruvedrifta vere kraftig oppjustert.

Må gå gjennom på nytt

fakkeltog i Vevring

I vinter vart det arrangert fakkeltog mot utvinning av rutil i Engebøfjellet.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Endringane i rapporten kjem etter at kommunen og gruveselskapet i felleskap har drøfta saka. Det er heller ikkje blitt opplyst til ålmenta at rapporten er endra no når framlegget til reguleringsplan vart lagt ut til offentleg ettersyn.

- Folk har brukt mykje tid på dette for å setje seg inn i saka. Når endringane ikkje er understreka må folk lese gjennom alle dokumenta på nytt, seier Thinges Førsund.


Gruvedrifta i Vevring er spådd å kunne skape 170 nye arbeidsplassar og milliardinntekter til Nordic Mining.

Men forskarar trur alt liv på sjøbotnen innerst i Førdefjorden vil forsvinne og lokalbefolkninga fryktar følgjene av eit digert steinbrot midt i bygda. Bygdefolket er redd for fjorden som ligg ved Vevring .

- Konspirasjonsteoriar


Rådmann Anna Elisa Tryti stadfestar at kommunen har samarbeida med Nordic Mining om endringane.

Men ho meiner dei har følgt spelereglane, og vel så det.

- Kommuneadministrasjonen står fritt til å påverke prosessen, og eg håpar dei som kjempar i mot gruvedrifta kan leggje konspirasjonsteoriane sine vekk, seier rådmannen.

Det er den endelege offentlege utlegginga som no er gjort.

- Vi i kommunen arbeider så fomelt og så korrekt og grundig med saka som vi berre kan klare.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.