NRK Meny
Normal

- Dei kunne slått oss i hel

Kaptein frå Sunnfjord forsøkt kapra i Adenbukta.

Kjemikalietankskipet "Bow Cedar"
Foto: L. Frangetto

Les og: "Bow Cedar" i kapringsdrama

- Det som skjedde var at tidleg på morgonen i halv åtte tida vart vi angripne av ein speedbåt med fem mann ombord. Dei prøvde å kome seg om bord til oss og kapre båten, fortel Bjarne Kalland frå Naustdal. Han har i sju år vore kaptein på Odfjell-skipet Bow Cedar som vart forsøkt kapra i Adenbukta aust for Jemen i morgontimane i tysdag.

Tenkte mest på å forsvare seg

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Du tenker ein heil masse, men du tenker mest på forsvare deg. Vi prøvde å halde dei frå skutesida, og det gjekk bra, seier Kalland.

- På dekk har vi tre svære vasskanonar på kvar side, primært brukt til brannsløkking, men dei leverer 400 kubikk i timen og når du begynner å pøse dei ut over skutesida mot ein båt som nærmar seg, då trekker dei seg tilbake.

Han forklarar styrken i vasskanonane med å bruke dei kanonane politiet brukar til å kontrollere store folkemengder som eksempel.

- Du kan gange dei med 20, seier han.

Hadde trena på dette

- Vi har jo trena på dette her og hadde mannskap klart som gjorde det dei skulle til rette tid. Dei som kom såg jo at dei ikkje kom gjennom den vatnveggen der. Og så såg dei at det var folk på dekk som ville gje dei motstand så dei gav seg.

Ei rekke båtar har vore kapra eller forsøkt kapra i dette området sidan nyttår. No er Bow Cedar, med ein mannskap på 33, komen til Raudehavet på veg mot Suez. Det betyr at dei er trygge frå dei somaliske piratane.

Kan slå ihel mannskapet

- Dei kan plyndre båten på staden der den ligg, eller dei kan føre den til Somalia. Der ligg det oppankra 10-15 båtar dei har kapra som dei krevjer reiarane eller landet båten er registrert i for løysepengar. Elles kan dei for eksempel slå i hel mannskapet, seier Kalland.

Heile intervjuet med Bjarne Kalland kan du høyre i NRK Sogn og Fjordane si morgonsending onsdag.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen