NRK Meny
Normal

- Dårleg slepebåtberedskap på Vestlandet

Vestlandet får dårlegare beredskap med slepebåtar enn Nord Norge og Sørlandet. Det hevdar leiar i Sogn og Fjordane Fiskarlag, Jarl Magne Silden.

Slepebåt trekker lastebåt
Foto: Einar Kleveland / NRK

Regjeringa legg opp til tre heilårs slepefartøy i nord og eitt på Sørlandet neste år. Dette er forskjellsbehandling, meiner Silden.

– Det er beklageleg at det ikkje er sett av noko på Vestlandet. For det er jo minst like viktig her.

Skal lage beredskapsplan

– Men det er vel hjelp at Kystverket er pålagt å utarbeide ein plan for slepebåtberedskapen også på Vestlandet ?

– Det er jo positivt at dei må lage ein plan, men det er eit stykke frå plan til realitet. Så det burde vore kome lenger, så vi har ein slepebåtberedskap på Vestlandet også.