Hopp til innhold

- Cruiseturisme ei feilsatsing

- Politikarane er naive om dei satsar tungt på cruiseturisme, meiner forskar Eivind Brendehaug ved Vestlandsforsking.

Cruiseskip kjem til Skjolden
Foto: Arne Eithun / NRK

Forskaren meiner at distrikta ikkje tener så mykje pengar på cruiseturisme som ein likar å tru. Då blir det feil av politikarane å satse mykje pengar på store prosjekt som å byggje cruisekaiar i til dømes Vik og Skjolden.

- Operatørane tek pengane

- Det verklar litt ureflektert. Dei baserer seg på tal frå cruisetrafikken i Oslo. Dei har ikkje samanlikna verdien av cruiseturisme i høve til landbasert turisme. Ein cruiseturist overnattar, et middag og går i baren på skipet. Samstundes kjøper passasjerane opplevingar på land, men der tek cruiseoperatøren høg forteneste som ikkje kjem bygda til gode, seier Eivind Brendehaug.

Han meiner ein i staden bør satse på turistane som kjem landevegen, sidan dei legg igjen meir pengar.

- Cruisnæringa er ei global næring, og dei gjer dette for å tene pengar. Det er eit litt naiv oppfatning å tru at denne næringa er til stor gevinst for lokalsamfunna, seier Brendehaug.

Trur ikkje på tala

Leiar Kjartan Longva (Ap) i det f ylkeskommunale næringsutvalet tek råda frå eksperten med ei klype salt.

- Tala syner at cruiseturistane legg igjen ein del pengar, men det er mogeleg at desse tala er baserte på Oslo og Bergen.

- Fryktar du at det vert satsa for mykje på cruiseturisme framfor landbasert turisme?

- Nei, eg vil ikkje seie det Vi har ikkje brukt så mykje offentelege midlar. Dette er ikkje ikkje eit enten eller, for når det gjeld turisme er det eit både og, svarar Longva.