NRK Meny
Normal

- Den svenske turistbussen kom mot oss, midt i vegen

– Den svenske turistbussen køyrde midt i vegen då den kolliderte med oss, fortel Andrea Raaen frå Aurland, som var passasjer i den norske rutebussen.

Andrea Raaen ulukke Fardal

FEKK KUTT I PANNA: Andrea Raaen frå Aurland var passasjer i rutebussen.

Foto: Privat/Øyvind Nondal

To kvinner omkom då dei to bussane støytte saman på riksveg 55 i Fardal i Sogndal litt før klokka 17 måndag.

– Mot oss midt i vegen

Ho sat i rutebussen som var på veg mot Sogndal då dei møtte den svenske turistbussen i Fardal. Ho sat med mobiltelefonen sin i handa.

– Litt før vi kom til brua i Fardal såg vi ein buss kome mot oss, og han køyrde midt i vegen. Vår sjåfør bremsa og køyrde litt ut, men den andre heldt fram midt i vegen og trefte vår buss, før han slingra unna og kom forbi. Han trefte oss ganske hardt.

Ho sleppte mobiltelefonen og tok tak i seteryggen framfor seg og kom frå det utan anna skade enn eit kutt i panna. Ikkje alle var like heldige.

– Det låg ei jente to sete framfor meg som såg ganske hardt skada ut. Ho sat rett bak sjåføren. Det kom ein sjukepleiar inn i bussen og fekk hjelp til å ta ho ut og starte redning.

Har ikkje avhøyrt sjåføren for den svenske bussen

Like etter klokka 23 seier politiet til NRK at dei ikkje har avhøyrt sjåføren for den svenske bussen.

– Vi har avhøyrt den norske sjåføren, men vil ikkje gå inn på kva som kom fram i avhøyret, seier lensmann Åge Løseth i Sogndal til NRK.

Løseth fortel at tilstanden til dei to sjåførane av ulykkesbussane er blitt verre utover kvelden, og legane har difor bestemt seg for å sende dei til sjukehus.

Politiet opplyser at det ikkje er nokon mistanke om promillekøyring.

– Vi vil fortsette med taktisk og teknisk etterforsking tysdag og dagane som kjem. Blant anna vil vi forsøke å avhøyre alle passasjerane raskt da dei nok kan ha behov for å forlata landet innan kort tid, seier lensmannen om arbeidet med å finne ut kva som skjedde i både den norske og svenske bussen.

Svensk busselskap: – Den andre bussen slingra midt i vegen

Busselskapet som eig den svenske bussen som var med i ulykka ved Fardal i Sogndal har ei ganske anna beskriving av hendinga enn passasjer Raaen på den norske lokalbussen.

– Føraren fortel at han heldt seg så nær vegskuldra som mogleg, og at bussen som kom mot slingra ut mot midten. Han vurderte hastigheita til å vere 60 km/t, seier direktør Göran Mellström i selskapet Bergkvarabuss til Dagbladet.

– Kva tenkjer du om at passasjerar i den andre bussen seier noko anna?

– Det har eg ingen kommentar til, men slik føraren oppfatta situasjonen held han seg så nær kanten som mogleg, svarar Mellström til avisa.

Til den svenske kringkastaren SVT fortel direktøren at bussen køyrde på ein veg som var altfor smal for store turistbussar.

– Normalt skulle bussen ikkje ha køyrd denne strekka, seier Mellström til SVT.

– Alle var i sjokk

Inne i bussen var det nokså kaotisk.

– Eg såg fullt av glasbrot, eit stort hol framme i bussen, og seteryggane var lente bakover, og alle stod og såg rundt seg for å sjå om det hadde gått bra med dei andre.

Andrea fann att mobiltelefonen sin og fekk varsla dei heime om ulukka. Ho blødde frå panna, ho fekk hjelp til å stanse blødinga.

– Alle var i sjokk, vi hadde det ikkje så godt, med tanke på at det var omkomne.

– Har ikkje lyst å køyre buss

Ho vart saman med dei andre som ikkje var så skadde at dei måtte til sjukehus køyrd til Quality Sogndal Hotell, der kommunen hadde oppretta kriseteam. Der fekk dei snakke med helsepersonell før dei kunne reise heim etter om lag to timar.

– Korleis har du det no?

– Det er ganske rart å tenke på at vi har vore i ei ulukke. Det har ikkje heilt gått opp for meg enno. Eg har ikkje særleg lyst til å køyre buss igjen.

Klokka 22.30 vart riksveg 55 opna att for trafikk etter ulukka.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.