Hopp til innhold

- Burde orientert om overforbruket

Revisjonssjefen i Nordfjord, Markvard Sunde, meiner rådmann Ørjan Raknes Forthun si budsjettstyring var ein avgjerande faktor for Tall Ships Races-havariet.

Video nsps_upload_2009_6_10_17_52_43_834.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Arrangementet til den minste vertsbyen for Tall Ships Races nokosinne, gjekk med 15 millionar kroner i underskot og har sendt kommunen rett inn på Fylkesmannen si Robek-liste.

SJÅ OGSÅ: Då verda kom til Måløy

Styring var avgjerande

Kommunerevisjonen i Nordfjord gjev kommuneleiinga i Vågsøy det glatte lag etter arrangementet . Revisjonssjef Markvard Sunde meiner rådmannen si budsjettstyring var ein avgjerande faktor for underskotet til "Sjøens OL" i Vågsøy.

Uten at politikarane visste det vaks pengebruken til arrangørane av Tall Ships races frå 20 til 35 millionar kroner.

Feil budsjettering

Rådmann Ørjan Raknes Forthun har forklart dette med at utgiftsauken gikk til inntektsbringande tiltak som var budsjettert med overskot og at ein derfor ikkje trengte å forankre pengebruken hjå politikarane. Budsjettet var ført som nettobudsjett og var dermed ikkje rapporteringspliktig til politikarane. Sunde meiner budsjettet burde vore ført på vanleg måte. På det meste budsjetterte dei med 50 000 frammøtte per dag. Fasiten vart 15 000 gjester samla.

- Det ville betydd at når ein aukar omsetnaden i arrangementet, så måtte ein ha søkt om tilleggsløyving, seier han.

Burde informert

Raknes Forthun vedgår at ein burde hatt eit bruttobudsjett å halde seg til, men meiner at også andre har eit ansvar for at Tall Ships-budsjettet vart auka utan at politikarane vart informert. Han vedgår at politikarane burde vore orientert om budsjettauken.

- Det er noko vi ser i ettertid, seier han og vedgår at varsellampene burde byrja å blinke på eit tidlegare tidspunkt.

- Hadde ikkje kommentarar

- Det kan ein godt seie, men vi er fleire som burde ha sett dette. Kontrollrevisjonen har gått igjennom 2005, 2006 og 2007 utan å komme med ein einaste kommentar til rekneskapen og måten ting var organisert på, seier Raknes Forthun. Revisjonen rettar også kritikk mot at Helge Hjelle hadde på seg "for mange hattar" under arrangementet.

- Han skulle vere dagleg leiar for alt dette, og koordinere det. Han er prosjektleiar og skulle rapportere det. Vi meiner vel at det burde vore fleire aktørar, seier Sunde.

Video nsps_upload_2008_11_28_18_53_33_2254.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Avviser kritikk

Det var rådmann Raknes Forthun som skulle følgje opp at Hjelle greidde oppgåva og å styre økonomien. Men korleis dialog og rapportering mellom Hjelle og rådmannen har fungert, er mellom spørsmåla revisoren meiner han ikkje har fått svar på. Denne kritikken avviser rådmannen.

- Det har med at det ikkje på noko tidspunkt har vore lagt fram noko plan for revisjonsarbeidet for administrasjonen. Då er det krevjande å få fram informasjon, seier han.