Hopp til innhold

- Bryt ikkje med barnekonvensjonen

Regjeringa avviser at Norge bryt barnekonvensjonen.

Skram Skole spring for Unicef
Foto: Anders Eltvik

- Det er ikkje slik at nokon kan gå i kyrkjeasyl, og berre dei blir der lenge nok, så får dei opphald. Slik skal det ikkje fungere, og det fungerer heller ikkje slik, seier statssekretær i Justis- og politidepartementet, Pål Lønseth, om skuldingane frå Unicef Norge .

- Må følgje vedtak

Unicef er kritiske til at born blir sende attende til Italia, og skuldar Norge for å bryte barnekonvensjonen på fleire punkt. Konvensjonen skal sikre at born over heile verda får dei nødvendigaste rettane som utdanning og helsehjelp, og det å bli høyrde. Men Lønseth vil ikkje endre norsk praksis. Berre om det kjem inn nye moment i saka kan eit vedtak bli omgjort.

- Då er det best for alle partar at dei følgjer vedtaket, og ikkje set livet sitt på vent ved å sitte i kyrkjeasyl. Dei skal ut når dei har fått vedtaket, og det må dei også halde seg til med omsyn til eigne barn, seier han.

- Italia er versting

Lønseth seier han uttaler seg på generelt grunnlag. Fkadu Thaye er utvist frå landet , men etter 80 dagar på gata i Italia returnerte både han og sonen til . Blir dei pågripne, blir dei sende attende til Italia som er det første landet dei søkte asyl i.

Generalsekretær i Unicef, Kjersti Fløgstad, er kritisk til at styresmaktene sender born tilbake til Italia så lenge landet er rekna som ein versting i korleis dei behandlar asylsøkjarar.

- Må ha viss forståing

Lønseth seier dei heile tida følgjer med på om Utlendingsdirektoratet og Utlendingsnemnda tek vare på born sine rettar, og seier at det ikkje er aktuelt å slutte med å sende born tilbake til Italia.

- Det er utfordringar knytt til Italia si behandling, og ein skal ha ei viss forståing for at italienske styresmakter finn det krevjande å handtere store tilstrøymingar av asylsøkjarar, seier han og legg til at det per i dag ikkje er noko som tilseier at barnekonvensjonen blir broten.