Hopp til innhold

- Bryr seg ikkje om næringslivet

Berre ein politikar frå Sogn og Fjordane møtte på småtinget som vart arrangert onsdag.

Småtinget 2005

Arkivbilete

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Småtinget er ei nasjonal bedriftssamling med NHO-bedrifter og stortingspolitikarar.

Dårleg oppmøte viser at politikarane ikkje bryr seg om bedriftene i fylket, seier Trond Håvik i Segel i Nordfjord.

- Det er jo skuffande. Når eg møter politikarar som stiller til val for å vere våre representantar, kjem eg til å seie til dei at eg er skuffa for at dei ikkje møtte her.

For slappe

Berre ein politikar frå fylket fann vegen til småtinget som vart arrangert onsdag i Oslo. Erling Sande frå Senterpartiet dukka opp, men det var også det bedriftsleiarane frå fylket såg til politikarane.

Trond Håvik frå bedrifta Segel i Nordfjord meiner dette syner at politikarane ikkje ser verdiskaping som viktig.

- Har vi for slappe Stortingskandidatar frå Sogn og Fjordane ?

Inga forklaring

Det er ikkje berre Håvik som reagerer på det elendige oppmøtet. Karin Halle i NHO Sogn og Fjordane meiner det er kritikkverdig.

- Eg er skuffa over at dei ikkje har prioritert dette og stiller opp. Eg har ikkje fått nokon forklaring på kvifor det er så vanskeleg å leggje denne datoen inn i almanakken. Den kjem på same tid kvart einaste år, seier ho.

Ho reagerer også på at ingen andre enn Senterpartileiar Liv Signe Navarsete melde avbod til tinget.

Valkamp i heimfylket

Åge Starheim

Åge Starheim bruker tida i heimfylket

Foto: NRK

Men sjølv om bedriftsleiarane rasar, og er tydeleg skuffa over politikarane, går ikkje det merkbart inn på stortingskandidatane våre. Dei dreiv nemleg valkamp for seg sjølve i fylket.

Åge Starheim frå Framstegspartiet viser til at han stilte på småtinget i fjor.

- Eg har prioritert å bruke tida mi i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen frå Venstre prioriterte valkampen.

- Det er ikkje akkurat deltaking på ein slik konferanse som bare skal fortelje om partiet sin politikk ovanfor småbedrifter.

Bedriftsleiar Håvik stiller seg undrande til at politikarane ikkje ser verdien av å diskutere utvikling i fylket.

- Eg må seie at eg har liten motivasjon til å stille neste år.