Hopp til innhold

- Brustad må gripe inn

Kommunane i Indre Sogn krev at helseminister Sylvia Brustad grip inn dersom ikkje Helse Vest gjer om vedtaket om å legge ned ortopedien i Lærdal.

Sylvia Brustad
Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix

Dei meiner kravet om å fjerne ortopedien er i strid med rådande nasjonal helsepolitikk. Kravet kjem i ei fråsegn som vart godkjend av medlemskommunane i Sogn Regionråd tysdag.

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

- Håpar dei tek erklæringa på alvor

Leiar i helsegruppa i rådet og ordførar i Lærdal, Knut O Aarethun seier regjeringa har forplikta seg til å halde oppe tilbod ved lokalsjukehusa.

- Regjerigna har sagt at dei skal styrke økonomien til sjukehusa, dei skal oppretthalde eit desentralisert sjukehustilbod som skal sikre nærleik til akuttfunksjonar, fødetiilbod, og ingen lokalsjukehus skal leggast ned. Dette håpar eg dei tek på alvor, og at dei på sitt plan bidreg til at slikt ikkje skjer.

- Prega av hastverk

Helse Førde vedtok dramatiske kutt ved sjukehusa i Sogn og Fjordane i sommar. 60 millionar er dei pålagde å spare inn dei komande to åra. Samstundes er både nærsjukehuset i Florø, føden i Lærdal og fødeavdelinga på Nordfjordeid freda for kutt. Likevel meiner Aarethun at vedtaket til Helse Førde er prega av hastverksarbeid.

- Her må dei kunne avvente og ikkje i hurten og sturten gjere eit vedtak og kanskje med litt manglande vurderingar slik Helse Førde gjorde.

- Men Helse Førde er pålagd å spare inn?

- Ja, men dei må med hjelp av dei som styrer prøve å tenkje litt langsiktig. No må vi ha litt is i magen og avvente dette balansekravet til vi har på plass dei langsiktige linjene når det gjeld lokalsjukehus.