Hopp til innhold

- Bruk ikkje oss som argument

Forsvaret stiller seg undrande til at Helse Førde brukar den komande redningshelikopterbasen i Florø som argument for å kutte i ambulansetilbodet.

Redningshelikopter

Illustrasjon

Foto: Marianne Kristiansen / NRK

- Med helikopter og anestesilege i vaktberedskap på helikopterbasen, vil ambulansekjeda bli styrkt, slik at vi kan fjerne ein vanleg ambulanse i Florø, slo ambulansjesjef Stian Sægrov fast i Firdaposten.

- Kan ikkje lande overalt

Ovanfor den same avisa går prosjektleiar for redningsbasen i Flora, kaptein Erland Karlsen i 330-skvadronen, til motangrep. Han kostasterar at sjølv om dei får søk og redning, og kanskje ambulanseflygign, som ansvarsområde, så vil deira tenester aldri kunne erstatte ein ambulanse.

- På det beste kan vi utfylle kvarandre. Men hugs på at vår arbeidsreiskap er ein stor Sea King, som ein ikkje utan vidare kan lande kvar som helst, seier han til Firdaposten og nemner sentrumsnære område og tett befolka område som døme på dette.

Planlegg store kutt

Helse Førde sine planlagde kutt i ambulansetenesta , har vakt sterke reaksjonar i fylket, mellom anna med 126 innlegg i debatten her på NRK Sogn og Fjordane. Kommunelege i Flora, Jan Helge Dale, har kravd ambulansekutta utgreidd , medan fylkeslegen vil ha innsyn i risikovurderingane som er gjort.

Ordførarane i Sunnfjord fryktar at ambulansekutta kan velte legevaktsamarbeidet med Ytre Sogn , som er under opparbeiding.

Still dine spørsmål

Heile kuttlista til Helse Førde kjem opp i styret på fredag når dei handsamar budsjettet.

Planane blir tema i føremiddagsendinga på NRK Sogn og Fjordane. Her kan lesarar og lyttarar stille sine spørsmål til dirktør Jon Bolstad i Helse Førde.