Hopp til innhold

- Brua er sopt vekk av isen

Fleire elver går over sine breidder etter dei store nedbørsmengdene. I Stardalen i Jølster er vegen totalt overfløymd. Ei gammal bru er sopt vekk i ei lita sideelv.

Bru vart sopt vekk av is

BORTE VEKK: Den gamle brua like nedanfor kraftverket på Befring er borte vekk. Den har blitt sopt vekk med isen i elva.

Foto: Henning Flatjord

- Elva har bygd seg opp med snø og is, så det er problem å kome seg fram med bil på vegen innover dalen, seier Bjørn Anders Steinsund i Jølster kommune.

Vurderer å gjere tiltak

Han har fleire gonger i løpet av dagen vore oppe i dalen for å vurdere situasjonen.

- Vi vurderer situasjonen fortløpande. Det kan bli aktuelt å grave ut elvelaupet, men vi håpar at ting skal ordne seg av seg sjølv, seier Steinsund.

Han seier ein garasje er overfløymd på Befring, men at det ellers ikkje er gjort store skader på hus eller andre bygg.

Over heile Sogn og Fjordane er ei rekkje vegar stengde grunna ras, rasfare og overfløymingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Overfløyming i Stardalen

FLAUM: NRK sitt TV-team som er i Stardalen måtte bruke traktor for å kome seg fram. Heile vegen er overfløymd av dei store nedbørsmengdene.

Foto: Trude Bakke / NRK

Bru sopt vekk av is

Om lag midt i dalen bur Henning Flatjord. Der er elva heilt oppdemma, og Flatjord har aldri før sett ein så stor ispropp i elva.

- I ei lita sideelv har ei gamal trebru blitt vaska vekk då ein ispropp losna. Stålbjelkane og alt er vekke, seier Flatjord til NRK.

NRK sitt TV-team som er i Stardalen tysdag, måtte låne seg traktor for å ta seg fram.

Isdemning i Stardalen

ISDEMNING: Mykje is har demt seg opp i elva gjennom dalen.

Foto: Trude Bakke / NRK