Hopp til innhold

Styret i Kystvegen Måløy-Florø vil vite prisen på bru over ytre Nordfjorden

Styret i Kystvegen Måløy-Florø vedtok på møtet sitt i går å innhente informasjon om og få eit kostnadsoverslag for bru over ytre Nordfjorden.

Vil ha bru over fjorden

VIL ERSTATTE FERJA MED BRU: I dag må trafikantane bruke ferja Måløy-Oldeide for å krysse ytre del av Nordfjorden (t.v.). Vi ser Måløy i bakgrunnen. Vegselskapet vil ha bru over fjorden ved markeringa i kartet.

Foto: NRK / Norgeskart.no

Vegselskapet vil ha bru frå Angelshaug i Vågsøy til Tongane i Bremanger, og dei vil og sjå på korleis dette bruprosjektet kan finansierast.

Dette prosjektet vil gje etterlengta vekst på kysten, seier Bengt Solheim-Olsen, som er styreleiar i Kystvegen Ålesund-Bergen og ordførar i Flora.

– Å få bygd bru over ytre Nordjorden vil utan tvil vere det viktigaste bruprosjektet nokon gong i Sogn og Fjordane. På denne måten vil vi ikkje berre knyte dei to næringslivsbyane Måløy og Florø, men også kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje saman med Sunnfjord saman til eit felles bu- og arbeidsområde.

Bengt Solheim Olsen

- VIKTIGASTE BRUPROSJEKTET: Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

–Viktigaste i heile Sogn og Fjordane

Administrerande direktør Hans Petter Selstad i Selstad AS, som og er styremedlem i Kystvegen Måløy-Florø, stemmer i:

– Kystvegen Måløy-Florø er det viktigaste prosjektet i heile Sogn og Fjordane. For næringslivet er denne kystvegen ein avgjerande konkurransefaktor.