- Forventningane eg har eg har etter å ha sett bygget på utsida stemmer ikkje med det eg ser på innsida, seier interiørarkitekt Prestegård. Ho meiner at utstillinga og innreiinga i museet ikkje held mål:
- Det er alt for mykje tekst og bilete på veggen, seier Prestegård, som etterlyser opplevinga av breen når ein går rundt i bygget, det ho kallar "det sanselege".
Anne Mette Prestegård meiner museet ikkje tek omsyn til arkitekturen. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Skuggar for lyset
Prestegård seier utstillinga verkar kaotisk. Ho viser til at søyler er skjult og at halve utstillinga med steinaldermannen Ötzi dekkjer slik at ikkje lyset slepp inn slik meininga er.
Spesiell arkitektur
Det er den verdskjende norske arkitekten Sverre Fehn som har teikna museumsbygget, som vart opna i 1991. Utstillingane er delte inn i 23 tema som med modellar viser korleis breane har vorte danna og korleis dei utviklar seg.
Inspirasjonen til forma på bremuseet er henta frå isbreane. (Foto: NRK)
Stor attraksjon
Den særeigne fasaden på bygningen har vekt stor oppsikt, og bremuseet har vorte ein av dei største turist-attraksjonane i Sogn og Fjordane. Anne Mette Prestegård hevdar at utstillinga ikkje tek vare på dei mange kvalitetane ved arkitekturen til Fehn.
Misforhold
Interiørarkitekten fryktar kva følgjer det ho karakteriserer som eit misforhold mellom arkitekturen og innreiinga, kan få for omdømet til Norsk Bremuseum.
- Skjønar kritikken
Dagleg leiar ved Norsk Bremuseum, Nils Paulsen, forstår kritikken frå Prestegård. Han seier likevel påstandane til Prestegård får stå for hennar eiga rekning, og han er ikkje redd for publikumssvikt.
Kvart år spør han dei besøkande kva dei tykkjer om utstillinga, og han seier at museet får gode tilbakemeldingar.
- Fehn var konsultert
Sverre Fehn har teikna bygget. (Foto: NRK)
Paulsen viser til at dei i 1995 fekk Bruno Oldani, ein av dei fremste norske designarane, til å innreie museet. Også Sverre Fehn vart konsultert i dette arbeidet, seier Nils Paulsen.
Arkitekt Sverre Fehn vil ikkje kommentere denne saka til NRK Sogn og Fjordane.