Hopp til innhold

- Bra med nye innfallsvinklar

Advokat Ivar Blikra, som var forsvarar for domfelte Øyfred Henning Standnes, er tilfreds med at privatetterforskar Tore Sandberg no set nytt søkelys på saka.

Ivar Blikra

Ivar Blikra var forsvarar for Øyfred Henning Standnes i Anne Slåtten-saka våren 2005 .

Foto: NRK

– Eg har stor forståing for at domfelte og familien hans søkjer svar på spørsmål dei meiner det ikkje kom svar på gjennom dommen, seier Blikra.

– Høgst problematisk

Privatetterforskar Sandberg er engasjert av familien til Standnes etter han vart dømd for drapet på Anne Slåtten i 2005.

22-åringen var funnen drepen i Førde sentrum i juni 2004. Sandberg meiner politiet hadde vitneforklaringar som ikkje vart lagt fram for forsvararane, men dette vil ikkje Blikra meine noko om.

– Eg kan ikkje vere konkret i forhold til dette. Men på generelt grunnlag kan eg seie at ei utveljing av kva for bevis som passar best til politiet sin arbeidsteori, er høgst problematisk.

Glad han får asssistanse

Blikra er glad for at den domfelte mannen no får hjelp.

– Eg ser på Sandberg som ein betydeleg kapasitet som har levert viktige bidrag i drapssaker. Eg er glad får domfelte får kyndig assistanse i forhold til å sjå på saka med friske auge og nye innfallsvinklar.

Elden og Fonn vil ikkje kommentere

Det er no John Christian Elden som er advokaten til Standnes. Elden stadfestar at han er engsjert saman Sandberg i denne saka, men han har så langt ikkje sett seg godt nok inn i saka til å kommentere den no.

Kjell Fonn som var lensmann i Førde under etterforskinga av Slåtten-saka, vil heller ikkje kommentere kritikken som Sandberg har kome med mot politiarbeidet.

Video Privatetterforskar Tore Sandberg ser på Anne Slåtten-saka

Sjå TV-reportasjen om at Tore Sandberg ser på Anne Slåtten-saka.