Når så mykje matavfall vert dumpa på bossplassen må det og stillast strengare krav til han, meiner Jon Ravnestad, som er lei av plagene det medfører å ha Ivahola som nabo.
- Ute i naturen flyt det av fløytepakkar og avfall som måse og ramn dreg med seg, og oppi fjellet er det no koloniar på tusenvis av ramn så det er ikkje noko triveleg å gå på jakt lenger, seier Ravnestad.
Forskjellsbehandling
Han meiner ureininga no er så ille at Fylkesmannen må gripe inn. Ravnestad hevdar Fylkesmannen ikkje stiller same krava til Ivahola som til dei andre avfallsplassane i fylket. Medan bossplassen Purkehola ved Florø har fått krav frå Fylkesmannen om å montere fuglenett over fyllinga, har Ravnestad inntrykk av at dei i Gloppen slepp unna restriksjonar.
Avviser kritikken
Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal avviser kritikken.
- Det blir stilt same krav til alle avfallsplassane i fylket, men det varierer kva utfordring dei forskjellige stadane har, seier Yndesdal, som ikkje meiner at Ivahola utgjer noko spesielt problem.