NRK Meny
Normal

- Bør ta sin del av ansvaret

Høgre- politikar hardt ut mot styreleiar i Helse Førde.

Clara Øberg

Clara Øberg

Foto: Oddleif Løset / NRK

Høgre-politikar Jacob Nødseth kjem med sterk kritikk av Helse Førde styreleiaren i underskriftsaka.

Jacob Nødseth

Jacob Nødseth

Foto: AUF i Sogn og Fjordane/Erlend Bø

Burde avklare rolla si

- Det som er alvorleg er at ho ikkje går ut og tek ansvar.

Nødseth meiner styreleiar Clara Øberg burde ha avklara rolla si i striden om underskriftene på søknaden om psykiatrimidlar til Nordfjord. .

- At administrasjonen har gjort feil er det fleire som har peika på. Men Øberg har sjølv skrive under på dokumentet. Ho bør presisere og avklare om ho var kjendt med at underskriftene var kopiert, seier Nødseth.

Var klar over situasjonen

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, i midten.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Øberg seier ho var klar over usemja mellom rådmennene og administrerande direktør Jon Bolstad.

- Eg var klar over at det var ei usemje. Men mi oppfatning av saka var at den var ordna, seier styreleiaren.

- Gjekk du god for søknaden?

- Eg skulle skrive under på eit dokument før det gjekk til sentrale myndigheiter. Det er identisk med det dokumentet som vart sendt.
Og eg har ikkje vore inne i søknaden,seier Øberg.

- Men det er vel slik at når du skriv under på eit dokument så går ein god for innhaldet?

- Eg gjekk god for innhaldet, ja.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.