Hopp til innhold

- Bør ikkje vere sin eigen lege

- Legar bør unngå å vere sin eigen lege.

Åtvaringa kjem frå Kari Fagerheim som er ein av tre legar i fylket som arbeider spesielt med å vere lege for andre legar.

Ordninga lege for lege vart oppretta for ti år sidan, men framleis er det for mange legar som er sin eigen lege, meiner Fagerheim.

Ein av farene ved dette er at legar kan gå lenge med sjukdom utan at det blir oppdaga.