Lind vog 246 kilo og det einaste behandlingstilbodet fekk han i Spania i fjor haust. Behandlinga kosta han 120 000 kroner. Det offentlege nekta å betale avdi tilbodet også fanst i Førde. Lind kunne då dokumentere at tilbodet i Førde ikkje kunne ta alle, og omfatta berre personar frå Helse Vest. Han anka avgjerda og har enno ikkje fått svar.
Men når Helsedepartementet no er villege til å vurdere ein del av dei overvektige som sjuke, og bygge opp eit større tilbod her i landet enn det som i dag finst ved Sentralsjukehuset, jublar Lind.