Eit like sikkert vårteikn som at lauvet sprett på bjørka er bøndene sin kamp for å betre inntekta gjennom landbruksoppgjeret. Også slik i år, der bøndene og leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Bjarte Nordanger, krev støtte ifrå staten for å få ei sømeleg inntekt. Viss ikkje blir det flukt ifrå næringa.
Eit av dei sentrale argumenta for at staten skal subsidiere næringa er å hindre attgroing av kulturlandskapet i bygdene. Nordanger meiner det blir vanskelegare å oppretthalde kulturlandskapet etterkvart som det blir færre bønder. Dette må vi få betalt for å gjere, meiner han.
Breim - slik vi vil ha det......
Støtte frå reiselivsnæringa
Og bøndene har den fulle støtte frå reiselivsnæringa. Det seier leiar i Norsk Reiselivsbedrifters Landsforeining avdeling Sogn og Fjordane, Odd Erik Gullaksen. Turistane seier det er ei oppleving å reise gjennom fylket, fordi dei kjem til eit område der det bor lite folk spreidd over eit velhaldt landskap. Men Nordanger seier slikt kjem ikkje av seg sjølv, difor meiner han faktisk at reiselivsnæringa også bør vere med å betale rekninga
Men det vil ikkje reiselivet. Så spørsmålet blir kven som skal ta rekninga. Og Nordanger er klar på at staten må på bana. - Vi er nøydde til å få betaling av produkta vi leverer, og det å vere "gartnar" og ta vare på kulturlandskapet er eit viktig produkt vi leverer, meiner Nordanger.
- Må vri situasjonen
Og her får bondelaget støtte frå eit litt uventa hald. For erkekapitalisten Trygve Hegnar meinar at det offentlege skal betale for det. Men han vil at ein spade skal kallast ein spade ved at bøndene skal betalast for å oppretthalde kulturlandskapet ikkje for å produsere mat. - Vi må vri støtta over frå produksjon av mat til bevaring av kultur og miljø, fordi det blir produsert for mykje av det meste både i Norge og Europa, seier Hegnar
Nordanger er sjølvsagt einig i at dei bør få betalt for arbeidet med kulturlandskapet men meinar dei også må få støtte til produksjon av mat.
- Det er produksjon av mat som gjer at vi har dyr som beitar i kulturlandskapet og heldt det i hevd, seier Nordanger.