Bjørn Soknes viste til at Hashin har tilstått drapet, og at det normalt skal vere formildande.
- Men Hashin rømte og tilståinga kom seint, sa han.
Soknes samanlikna saka med Dereka-drapet som førte til 17 års fengsel. Han meinte at straffa måtte bli lægre i denne saka, mellom anna fordi det var nytta mindre vald.
-Tvil om valdtekt
Soknes starta med å seie at det er knytt tvil til post 2 i tiltalen som går på valdtekt. Han sa også at det ikkje kunne vere tvil om at Hassan Samriye Hashin har drepe Hedda Karterudseter.
-Den tvilen retten må ta omsyn til i denne saka er tvilen rundt valdtektsspørsmålet.
- Spørsmålet er om tvilen er teoretisk eller fornuftig. Viss den er fornuftig så må ein seie at han må frikjennast. Viss det berre er ein teoretisk tvil, så vil han vere skuldig, sa han til retten.
-Drap og valdtok
Soknes meiner Karterudseter og Hashin kom til skulen rundt kvart på to drapsnatta.
- Han forlet hybelhuset ca ti over to. Det vil seie at han var der i maksimalt ein halv time, og kanskje endå kortare.
Frå klokka 01.44 til 02.02 vart fire samtaler som gjekk til Hashin sin telefon kobla til ein telefonsvarar, forklarte aktor.
- Og, grunnen til det er at då voldtok og drap han Hedda, konkluderte Soknes.
- Gutane betyr lite
Hashin har forklart at han drap folkehøgskuleeleven i sjalusi. Det skal ha skjedd fordi ho vart med to gutar då dei kom til skulen.
Soknes meiner at dei to gutane ikkje eksisterer.
- Om retten skulle tvile på dette, så har det heller ikkje den store betydninga for saka, sa han og vende seg til dei tre dommarane.
- Hashin har forklart at Hedda tok av seg jakka. Dette er feil. Ho vart funnen død med det ho hadde på seg då ho gjekk heim, bortsett frå ein vott i senga, buksa som var dregen ned og skoen som var av.
- Det er også feil at han forlet henne i senga, og la dyna over henne. Ho vart funnen på golvet.
Slegen og avkledd
Bjørn Soknes meiner at Hashin slo Hedda Karterudseter før han kledde av henne.
- Ho vart slått og sparka minst tre gonger, sa han.
Soknes meinte at avkledninga var seksuelt motivert, og at Hashin har gjort seg skuldig i eit lovbrot som gjer at han må dømmast for valdtekt.
Han sa at det ikkje må vere eit samleie for at det er ein valdtekt. Han viste så til forklaringane Hashin har kome med i politiavhøyr.
- Det at han sidan har trekt tilbake dette, betyr at Hashin har forstått at han kan dømmast for valdtekt, sa Soknes til retten.
Dommen i saka fell i Sogn tingrett tysdag 10. mai klokka 14.