Tanja og Olga Belik Foto Heidi Lise Bakke NRK
Belik-familien har fått avslag på søknad om opphald i Noreg, trass i at dei to tenåringsjentene fryktar å bli selde som sex-slavar i heimlandet. Vinje meiner statsministeren bør ta saka alvorleg. - Vi håpar at dette kan føre til ei omlegging av norsk asylpolitikk. Det at unge kvinner og jenter blir selde som sexslavar i fattige land er eit stort problem, seier Vinje.
- Alvoret for lite fram
Vinje trur nok at politikarane kjenner til problemet, men han meiner det blir alt for lite fokusert på det. - Eg trur at alvoret i det kjem for lite fram, seier han.
Brev til statsministeren
Det er ordførar Olav Ellingsen i Aurland som har sendt statsministeren brev om kor vanskeleg den moldoviske Belik-familien har det. - Engasjementet til ordføraren betyr svært mykje, i tillegg til at Kirkens Nødhjelp og har teke tak i saka, seier advokat Sjur Vinje.
- Håp trass i avslag
Både mor Belik og begge døtrene hennar har fått endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve i Norge, trass i at døtrene fryktar å bli selde som sexslavar dersom dei blir sende attende til heimlandet. Likevel meiner Sjur Vinje at det er håp om at dei får bli.
Unge jenter blir kidnappa
Moldova er det fattigaste landet i Europa, og kvart år blir tusenvis av unge jenter kidnappa eller lurte inn i prostitusjon. Ofte blir dei selde vidare til andre land.