I fjor sommar døydde tre personar i Jølster under arbeid i silo. Det er slike dødsulukker vi må hindre skjer på nytt, seier landbruksinspektør i Arbeidstilsynet, Pål Erdal.
Arbeidstilsynet oppfordrar difor at bønder som ikkje har kjøpt silovifte får ho på plass. Ein stikkontroll i Gaular i fjor haust avslørte mykje slurv.
- Der måtte vi gje pålegg til 10 prosent av gardane vi besøkte fordi dei mangla silovifte, seier Erdal
Arbeidstilsynet varslar kontrollar til sommaren for å finna ut kor flinke bøndene i Sogn og Fjordane er til å bruka silovifte.
Erdal seier det heller ikkje er hjelp i å tippe graset ned i siloen. Det fører ikkje til utlufting, men til at det kan bli meir gass, fordi meir gass blir pressa ut av graset som allereie ligg i siloen.