Hopp til innhold

- Bøndene får vera nøgde

Reidar Sandal meiner bøndene får nok.

Reidar Sandal
Foto: NRK

- Eg synest Staten har strekt seg langt i Jordbruksoppgjeret, seier Reidar Sandal (Ap), som er leiar i Finanskomiteen i Stortinget.

Følg debatten her: - Ikkje ei krone for mykje

Fekk under halvparten av kravet

I dag la Regjeringa fram eit tilbod til bøndene på 1,6 milliardar kroner. Bøndene krevde 3,3 milliardar.

- Eg synest det er eit flott tilbod Staten no har kome med. Det er 60 % høgare enn resultatet i oppgjeret i fjor. Eg meiner Staten har strekt seg langt for å koma bøndene i møte, seier Sandal.

Fylkesleiar Knut M. Olsen i Sp er langt mildare i tonen.

- Det er viktig å hugsa på at dette er eit utgongspunkt for forhandlingar. Eg forstår godt at bondelaga posisjonerer seg til dei, med kommentarane me har høyrd i media i dag, seier Olsen.

Røper ingenting

Forhandlingane skal vera ferdige 16. mai, og Sandal vil ikkje forskottera noko som helst.

- Det ville vera dønn useriøst å uttala seg om detaljar i Staten sitt opplegg. Det får ein ta rundt forhandlingsbordet.