Hopp til innhold

- Bokmål overkøyrt av nynorsk

Bokmålet blir overkøyrt av nynorsken, meiner språkprofessor Finn-Erik Vinje. Han meiner Språkrådet etter at Sylfest Lomheim (biletet) vart leiar har favorisert nynorsken.

Sylfest Lomheim
Foto: Erlend Aas / Scanpix

 - Det er openbert, men dei gjer ikkje noko lovstridig, for både departementet og Stortinget har gitt sin tilslutnad til at nynorsken skal favoriserast. Det er første gongen i språkhistoria når vi har hatt offentlege komitear der begge målformene er representert at ein uttrykkeleg seier at nynorsken skal stillast i framgrunnen, seier Vinje.

 

Det var i Dagbladet Finn Erik Vinje kom med det han kallar overkøyring av bokmålsfolket. Sylfest Lomheim seier til avisa at vi nje skyt langt over mål. Han meiner det er på tide at det blir slutt på den 150 år gamle rivaliseringa mellom bokmål og nynorsk.

Fire av sju

Språkrådet er oppnemnt av Kulturdepartementet: Fram til 2009 er fire av dei sju medlemmene nynorskbrukarar, i tillegg kjem nynorskbrukaren Sylfest Lomheim, som er direktør i Språkrådet.

- Det har ført til at det er ein nynorskdominans i Språkrådet som nok er uheldig, fordi Språkrådet også har andre oppgåver, seier Finn Erik Vinje. 

- Dominert av bokmål i alle år

Men leiar i Noregs Målag i Sogn og Fjordane, Anna Sofie Skaar, meiner Vinje ikkje har grunn til uro.

- Dette tykkjer eg høyrest utruleg ut, for språket har vore dominert av bokmål i alle år. Eg kan ikkje skjøne at han skal ta slik på veg fordi det no er litt meir nynorsk i Språkrådet enn det har vore før.

- Men er det rett at nynorsken som er ein god del mindre utbreidd enn bokmål skal ha fleire representantar i Språkrådet enn bokmålet?

- Det kan hende at dei nynorskspråklege deltakarane som er der er dyktigare enn dei som brukar bokmål, at det er difor dei er valde inn i Språkrådet.