Hopp til innhold

- Bløffa i valkampen

- Regjeringa sitt tilbod i samband med landbruksoppgjeret viser at regjeringspartia bløffa i valkampen, seier fylkesleiar i Kristeleg folkeparti, Trude Brosvik.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

- Eg meiner denne regjeringa må målast på kva dei lova veljarane. Der har dei skaffa seg ei stor fallhøgde, og dei har ramla med eit brak.

Bøndene har kravd ein samla inntektsauke på 1,7 milliardar i år, medan regjeringa sitt tilbod er 580 millionar. Men inni dette legg regjeringa opp til skattelette for bøndene, slik at dei ifølgje bondelaget ikkje får meir enn 100 millionar i friske pengar, og det opprører Brosvik.

- Bondevik-regjeringa heller ikkje bra

- Det er for lite pengar, og det at så mykje er putta inn som skattelette. Når du ikkje har ei stor inntekt frå før, så er ikkje det det beste.

Brosvik ser at Bondevik-regjeringa heller ikkje var bra nok for vestlandsbonden, og vedgår at ho hadde håpa denne regjeringa kunne gjort denne biten betre.

- Både skuffa og provosert

- Det er ikkje til å legge skjul på at Kristeleg Folkeparti har kjempa hardt i dei regjeringane vi har vore i for å få dette oppover. Når eg i fjor på valmøte etter valmøte møtte eit Arbeidarparti og eit Senterparti som skulle ordne på dette, og som no eigentleg berre vidarefører Høgre-retorikken, så kjenner eg at eg som Krf-ar er både skuffa og provosert. 

Sp- og Ap-ordførarar også kritiske

At opposisjonen er provosert, er ikkje uvanleg. Meir uvanleg er det at to Senterparti-ordførarar og ein Arbeidarparti-ordførar i fylket sender kritisk brev til sine eigne om jordbruksoppgjeret. Rett nok er tilbodet betre enn tidlegare, men likevel for dårleg, seier Nils Støyva (Ap) i Stryn, Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen og Gerd Dvergsdal (Sp) i Jølster. Spesielt krev dei mangdobling av investeringsstøtta.

For tidleg å kritisere

Det er alt for tidleg å kritisere regjeringa for landbruksoppgjeret. Det seier stortingsrepresentant for senterpartiet Erling Sande. 

 Sande seier det berre er eit tilbod, og meiner difor ein bør vente med dommen til det endelege resultatet av forhandlingane er klart.