Hopp til innhold

- Blir pressa til fellingsløyve

Norges Naturvernforbund meiner at fylkesmenn i ulike fylke vert utsett for eit enormt press frå lokalt næringsliv og lokalpolitikara så snart eit rovdyr kjem inn over fylkesgrensa.

Leiar i forbundet, Lars Haltbrekken, meinar at fylkesmenn er for slepphendte med å gje fellingsløyve på rovdyr.

- Vi har anka eit fellingsløyve i Nordland og vi vurderer ein anke i Trøndelag, seier han.

Ikkje anka i Sogn

Leder i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken
Foto: Kjell Herskedal / Scanpix

I Sogn og Fjordane ga Fylkesmannen fellingsløyve på bjørn for to veker sidan. Løyvet vart forlenga med fem dagar i går. Foreløpig ønskjer ikkje Naturvernforbundet å anke denne avgjerda.

- Vi har ikkje hatt nok kapasitet nok til å gå inn i denne enkelte saken, så vi har ikkje anka denne foreløpig, seier han.

- Vente med fellingsløyve

I  eit brev sendt til samtlege fylkesmenn oppmodar Naturvernforbundet fylkesmennene til å vente med å gje fellingsløyve før alle fakta er på bordet.

- Vi ønskjer å få ein meir forsvarleg forvaltning av rovdyra våre, slik at det ikkje blir gjeve fellingsløyve der det ikkje trengs. Vi har stor tillit til Fylkesmannen, men vi ser det store presset dei er under, seier han.