Halleraker avviser dermed utsegnene frå SV-representanten Hallgeir Langeland til Firda i dag. Langeland hevdar der at Høgre kan komme til å snu i Stortinget på grunn av uventa massiv motstand lokalt - Det er uaktuelt, seier Halleraker.
Motstandarane av utbygging håpar at parti som Høgre kan stille representantane sine fritt i denne saka i Stortinget, og at det dermed kan blir fleirtal imot. Men Halleraker trur ikkje på dette. Han reknar difor saka som i realiteten alt avgjort.