Hopp til innhold

- Bjørnen leitar etter hi

Bjørnen som er sett i Eikefjorden kan vere ein ungbjørn som i ferd med å sjå seg om etter vinterhi.

Det seier rovdyrforskar Ivar Mysterud. I løpet av ei veke er det gjort to uavhengige observasjonar av bjørn i Eikefjord.

- Er det ein ung hannbjørn kan den overvintre på dei utrulegaste stader. Viss det kjem kulde og snøfall vil den truleg gå i hi, seier han.

- Må ha plass til streifbjørn

I fjor gjorde ein bjørn to forsøk på å byggje hi i Luster. Viltforvaltar Hermund Mjelstad hos fylkesmannen trur at bjørnen som no er observert i Eikefjord er ein som har hatt tilhald her sidan i sommar.

- I utgangspunktet synest eg vi skal ha plass til streifbjørn, men Stortinget har sagt at den ikkje skal slå seg ned eller yngle i fylket.

Vandrar vidare

Men sjølv om bjørnen kanskje no ser seg om etter vinterhi, er det for tidleg å seie om bjørnen vil slå seg til i Sunnfjord for godt.

- Det er vanskeleg å seie. Viss dette er ein bjørn som er på lang vandring, så vil den kanskje overvintre i området, men den vil truleg gå vidare seinare, seier Mysterud.