Hopp til innhold

- Bjørnen kom mot meg

Sauebonde Ove Baggetun som er sikta for å skadeskote bjørnen har hatt ei tøff tid etter at han meldte seg for politiet tidleg måndag morgon.

Ove Baggetun
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

No fortel han for første gong kva som skjedde.

- Seks sauer kom mot meg. Eg hadde børsa i eine handa og mjølposen i andre handa. Eg trudde sauene ville ha mjøl, men dei sprang rett forbi, seier han.

Han fortel at han såg ein brun skygge som kom mot han.

-Eg kasta mjølposen og skaut eit skot i lufta først. Han kom framleis mot meg, så fyrte eg av to skot mot bjørnen. Eg visste ikkje heilt kva eg gjorde, fortel han.

- Skaut for å skremme

Baggetun hadde høyrt at skulle vere personar ute i Krundalen for å leite etter nye sauekadaver natt til måndag. Midt på natta vakna han, og ville ut å hjelpe. Men grunna dårleg ver snudde han. Baggetun seier han vart redd, og berre skaut for å skremme bjørnen.

- Eg visste at eg hadde elva bak meg, og grinda på brua. Viss eg sleppte han lenger mot meg, då veit eg ikkje kva som hadde skjedd, seier han.

Fekk dårleg samvit

Sauebonden hadde ikkje jaktløyve, og brukte ammunisjon som ikkje eignar seg for jakt. Like før klokka fem ringde han difor inn ei anonym melding til politiet der han fortalde at han hadde skadeskote ein bjørn.

- Eg fekk dårleg samvit i tilfelle han skulle vere skadeskoten. Då var det viktig at folk fekk beskjed og kunne starte å søkje etter bjørnen. Eg visste og at eg ikkje hadde lov å bere gevær. Det var difor eg ringde anonymt, seier han.

- Dumt av meg

For Baggetun har det dei siste dagane vore tøft å bu på ein liten stad der alle kjenner.

- Det var dumt av meg å vere anonym, men eg var ikkje klar over kva eg gjorde, seier han.

Rekonstruksjon

Politiet har no sett igang ein rekonstruksjon av skyteepisoden saman med Baggetun. Også søkelaget med spesialtrena bjørnejegerar samt sporhund, er med på rekonstruksjonen. 

I heile dag har det vore leita etter bjørnen utan resultat.