Hopp til innhold

- Bjørnen kan dukke opp alle stader

- Bjørnen som drap tre sauer i Fjærland i pinsa kan du dukke opp att mange stader i fylket, seier fjelloppsynsmann Einar Fortun.

Bjørnespor i Fjærland.
Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Han reknar med at bjørnen kom frå Jostedalsbreen, og at han har gått opp att dit.

- Han kan kome ned att på same plassen eller han kan dukke opp att ein heilt annan stad, seier Einar Fortun. Han kan kome ned att både på nordsida og sørsida av breen; Jostedalen, Veitastrond, Sogndalsdalen eller på nordsida i Stryn, Oppstryn eller i Haukedalen som er ganske nær Fjærland.

Vanskeleg å forstå

Det er ikkje så rart at sauebonde Nils Distad i Fjærland ikkje skjønte kva som hadde drepe tre av sauene hans i pinsa. Sist gong det vart felt bjørn i Fjærland var for hundre og seks år sidan. No gav sauene hans tause vitnesbyrd om bjørnen var tilbake.

Distad såg dei var opprivne i brystet, juret var vekke og bjørnen har ete opp feittet i brystet. Det har ikkje gått heilt opp for sauebonden kva som eigentleg har skjedd.

Stygt medfare

Fjelloppsynsmann Einar Fotun frå Statens Naturoppsyn studerer bileta han har teke av sauekadavera. Det er ikkje noko fint syn. Sauene er stygt opprivne.

Han trur bjørnen kan koma frå Skjåk-området, og har streifa til Sogn og Fjærland. No er han sikker på at bjørnen har streifa vidare. Kanskje dit han kom frå, eller kanskje ein annan stad. Frå Jostedalen kan bjørnen nå ei rekkje stader i indre Sogn og Fjordane.

Men fylkesmiljøvernsjefen kan ikkje gje umiddelbar trøyst til redde sauebønder. For sjølv om det er uvanleg med bjørn i Sogn og Fjordane, så har bjørnen ein plass også her seier han.

Håpar på fellingsløyve

Fotspora etter bjørnen i Fjærland er i ferd med å bli utviska, men sauebonde Nils Distad kjem ikkje til å gløyma bjørnen så fort. Han meiner bjørnen ikkje burde ha vore her. No håpar han det blir gitt fellingsløyve, om ikkje blir det vanskeleg å senda sauene ut att på beite.