Hopp til innhold

- Bjørn drap sau i Førde

Saueeigar på Holsen er overtydd om at det var ein bjørn som drap eine søya hans

Sauekadaver på Hetlestølen i Gaular.

Sauen I Holsen vart funnen berre kilometer frå dette kadaveret som vart funne på Hetle i Viksdalen.

Foto: MMS-foto: Arne Stubhaug / NRK

Les og diskuter: Søker fellingsløyve

Les og: Tre sauer drepne av bjørn

- Det er bjørn. Det er det ikkje tvil om. Sauen er beten rundt nasen og så er han heilt oppreven i brystet og bakover. Han er til og med eten litt på.

Talet aukar

Talet på sauer som er sakna eller ser ut til å vere skadde eller drepne av bjørn aukar. Og bjørnen har truleg også utvida slagområdet sitt. For etter funnet av drepne sauer på Viksdalen i Gaular vart ein svært skadd og forkomen sau funnen seint i går langt nede i lia på Røyrvikfjellet i Førde, eit stykke frå riksveg 5.

- Eg har leitt etter søya i tre dagar for eg fann lamma fredag åleine, så då forsto eg at det var noko i gale.

- Kva gjorde du med sauen?

- Han levde jo, men han var så oppriven at det ikkje var håp. Eg tilkalla dyrlege som fekk han avliva.

- Kan skadene stamme frå noko anna?

- Det får no han avgjere han frå Statens Naturoppsyn som skal sjå på han, men eg og dyrlegen er no ikkje i tvil om at det var bjørn, seier Lars Holsen.

Ikkje langt frå Viksdalen

Holsen seier området han fann sauen i ligg berre tre-fire kilometer frå området i Viksdalen der det er dokumentert sauedrap. Likevel er han overraska.

- Eg hadde ikkje trudd han skulle vandre så langt ned, seier Holsen.