Hopp til innhold

- Bjørlo oppfører seg både uheiderleg og lite moralsk

Venstre sin ordførarkandidat i Eid, Alfred Bjørlo, opptrer umoralsk når han i valkampen framstår som Nordfjord sjukehus sin redningsmann. Det meiner Ap og Sp sine toppkandidatar i kommunen.

Alfred Bjørlo og Sonja Edvardsen

UMORALSK: Sonja Edvardsen meiner Alfred Bjørlo opptrer umoralsk.

Ordførarkandidatane for Senterpartiet og Arbeidarpartiet meiner Bjørlo utnyttar sjukehussaka i Nordfjord i valkampen, samtidig som han ikkje gjorde nokon ting før sjukehusvedtaket.

Det provoserer både noverande Ap-ordførar, Sonja Edvardsen og ordførarkandidat for Sp, Sigurd Reksnes.

– Alfred Bjørlo har ikkje gjort noko i sjukehussaka i forhold til Nordfjord sjukehus i forkant av at vedtaket vart fatta, seier ei tydeleg oppgitt Edvardsen til NRK.no.

Lenge har det koka i Nordfjord etter at Helse Førde med regjeringa si velsigning vedtok å leggje ned ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. I tillegg vert fødeavdelinga vert sjukehuset omgjort til ei jordmorstyrt fødestove.

Feil redningsmann?

Tysdag kunne Alfred Bjørlo sole seg i glansen etter å ha duellert med statsministeren og partileiarane om sjukehus i beste sendetid på TV 2.

Ukjende Alfred Bjørlo vann debatten saman med statsministeren, og påsto at «Jens ikkje veit kva han snakkar om», skreiv VG.

Bjørlo stod for alvor på barrikadane for sjukehuset i Eid. Ap-ordførar Sonja Edvardsen og Sp sin ordførarkandidat i Eid, Sigurd Reksnes likar dårleg at Venstre-politikaren skal framstå som redningsmann for sjukehuset.

– Hans strategi i valkampen er å køyre fram Nordfjord sjukehus veldig gjennom media og store ord. Han nyttar seg heilt klart av Nordfjordrådet sine utgreiingar, for nettopp å kapre veljarar på det grunnlaget, seier Edvardsen til NRK.no.

Venstre fram, Ap og Sp tilbake

I ei meiningsmåling gjort for Fjordabladet denne veka, fekk Venstre formidable 41 prosent oppslutnad med Bjørlo som ordførarkandidat.

Det er ein framgang på 29 prosent sidan sist kommuneval. Ap og Sp går samstundes tilbake med høvesvis 20,3 og 8,3 prosentpoeng. Alvorleg, vedgår Edvardsen i Ap.

– Det er sjølvsagt dramatisk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sonja Edvardsen

UTNYTTAR: Ap-ordførar Sonja Edvardsen meiner Alfred Bjørlo utnyttar sjukehussaka i Nordfjord.

Foto: NRK

– Uheiderleg og umoralsk

Men motstandar Bjørlo fører ein kynisk valkamp, meiner Edvardsen. Den tidlegare politiske rådgjevaren i Samferdsledepartementet, no dagleg leiar i Måløy Vekst har fått ei stor tilhengjarskare i Nordfjord.

Særleg det siste halvåret har han vore ein av frontkrigarane for føde- og ortopeditilbodet ved Nordfjord sjukehus. Men før regjeringa sitt sjukehusvedtak høyrde ein fint lite frå Bjørlo, seier ordførar Edvardsen.

– Det er beklageleg å oppleve at ein skal vinne fram i ein valkamp med å vere negativ omdømmebyggjar for Eid kommune på mange området. No kjem han inn på bana med ei sak som politikarane i Eid har jobba iherdig med samla sett, og så skal han liksom ta æra? Det synst eg er frykteleg uheiderleg og lite moralsk, seier Edvardsen.

– Først no han engasjerer seg

– Medan dette stod på som hardast i vinter, kan eg ikkje huske at Bjørlo tok kontakt med meg for å bidra politisk. Eg opplever det slik at det er først no i valkampen at engasjementet hans har blomstra opp, seier Senterpartiets ordførarkandidat Sigurd Reksnes.

Han legg til:

– Bjørlo var sjølv politisk rådgjevar for ei regjering om gjorde fødeavdelinga i Lærdal om til fødestove. Den gong fekk han ikkje gjennomslag, viss han då meinte det same som han meiner no, seier Reksnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alfred Bjørlo

FEIL REDNINGSMANN: Sonja Edvardsen og Sigurd Reksnes likar dårleg at Alfred Bjørlo skal framstå som redningsmannen for Nordfjord sjukehus.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi bør heller stå saman

Alfred Bjørlo reagerer sterkt på kritikken frå politikarkollegaene i Eid.

– Eg har for det første vore engasjert i sjukehussaka over lengre tid. Eg har jobba mykje med den også på fagleg grunnlag og eg har gjort mykje som ikkje har kome i media. Mellom anna i samarbeid med diverse fagmiljø og gjennom mitt eige parti, seier Bjørlo.

Spesielt kritikken frå Edvardsen fell i dårleg jord hos Venstre sin ordførarkandidat.

– Det er nesten så eg ikkje trur det eg høyrer, det er trist at ho gjer som ho gjer. I ei slik sak burde vi sått saman og vore glade om andre klarar å løfte fram sjukehussaka, seier Bjørlo og legg til:

– Det blir ein absurd kritikk. Eg har faktisk ikkje vore lokalpolitikar i Eid dei siste fire åra. Eg stilte til val for eit år sidan, og sidan har eg jobba knallhardt for sjukehussaka, seier Bjørlo.

Avviser å ha forsura miljøet

Også før han fekk ei politisk rolle meiner Bjørlo han har jobba konkret for å berge tilboda ved sjukehuset.

– Før eg gjekk inn i lokalpolitikken har eg jobba som dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet i Måløy. Vi har mellom anna vore med å mobilisere næringslivet i Nordfjord for å stå på for sjukehuset, seier Bjørlo.

Bjørlo avviser også at han på nokon måte skal ha forsura samarbeidsklimaet i høve til andre kommunar og resten av fylket.

– Viss Edvardsen meiner at eg gjennom min jobb har vore med å skape eit dårleg omdøme og øydelegge for vår region med det arbeidet vi har gjort med næringsutvikling, så får ho berre meine det, seier Bjørlo.

Edvardsen på si side trur ikkje det blir lett å samarbeide med Venstre sin toppkandidat.

– Det Alfred Bjørlo har gjort, er å kritisere alle ordførarane i Nordfjord og Nordfjordrådet. Så utgangspunktet hans for samarbeid, det talar for seg sjølv.