Hopp til innhold

- Bittert og surt som berre det

Assistenttrenar Håvard Flo i Sogndal er frykteleg skuffa over tapet mot Lillestrøm.

Ulrik Flo vs. Ohi K. Omoijuanfo

HARD KAMP: Sogndal og Ulrik Flo tapte bittert mot Ohi K. Omoijuanfo og resten av gultrøyene frå Lillestrøm.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Det er jo bittert og surt som berre det.

Slik oppsummerer assistenttrenar Håvard Flo å tape mot Lillestrøm i det aller siste ordinære speleminuttet. Sogndølene fekk sitt fjerde tap på rad, søndag kveld.

– I fyrste omgang hadde vi god struktur og god balanse, og var eigentleg ikkje særleg truga. I andre omgang er vi for lite flinke til å halde på ballen. Vi mister den for ofte, og då blir det mykje springing som tærar på kreftene.

Jonas Olsson, Terje Skjeldestad og Håvard Flo

SKUFFA: Trenarteamet til Sogndal ved Jonas Olsson (f.v.), Terje Skjeldestad og Håvard Flo.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Fornøgd med eigen innsats

– Eg synes forsvaret vårt er fantastisk bra, og midtbana gjer ein kjempejobb. Men det er ikkje alltid at det lengste strået går i vår favør.

– Mista spelarane dine litt piffen i andre omgang?

– Nei, synes eg ikkje. Vi står på og jobbar gjennom heile kampen.

– Laget har vore prega av sjukdom. Mellom anna spelte ikkje Ørjan Hopen og Hannu Patronen. Korleis påverka det kampen?

– Det har ingenting med utfallet av kampen å gjere, seier Håvard Flo.

Har moglegheit til å klatre

Også hovudtrenar Jonas Olsson er vonbroten etter tapet.

– Du kan jo tenkje deg sjølv når vi gjer ein veldig bra kamp der spelarane springer veldig mykje og vi forsvarar oss bra. Då er det bittert å tape på at ballen endrar retning. Då hadde det vore betre om nokon smelte den rett i krysset.

– Vi henger med i alle kampane, og det skal vi ta med oss vidare. Det er jo ein veldig tett serie frå 11. – 12. plass og heilt opp til 3. – 4. plass. Vi har gode høve til å klatre opp.

– Kva saknar du?

– I dag saknar eg tre poeng, humrar Sogndal-trenaren.

Eirik Bakke, Ohi K. Omoijuanfo og Stéphane Diarra.

TAP: Erik Bakke (t.v.) og Stéphane Diarra (t.h.) greide ikkje halde stand mot Ohi K. Omoijuanfo og resten av Lillestrøm.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

Optimisme

Sogndalspelar Ørjan Hopen var altså ikkje med til Åråsen på grunn av sjukdom. Men han er optimistisk. Rett etter at kampen var over skreiv han på nettsamfunnet Twitter:

Ikkje akkurat flyt for tiden, men får prøva å snu da på onsdag!

Ørjan Hopen, Sogndal-spelar

Ein annan ivrig Sogndal-supporter diskuterte også på Twitter. Oddvar Flæte er tidlegare fylkesmann i Sogn og Fjordane, no jobbar han mellom anna som rådgjevar for Sogndal Fotball.

Så ille det enn kan opplevast å vere #Sogndal-tilhenger nett nå, så er det likevel kort veg også oppover - saman med friskmelde spelarar.

Oddvar Flæte, tidlegare fylkesmann

Også assistenttrenar Håvard Flo er oppteken av å sjå framover.

– No må vi riste av oss denne kampen så fort som mogleg. Vi må vere offensive i kampen mot Sandnes-Ulf.

Tek i mot gode tips

– Når ein ikkje har henta poeng på ei stund, så seier det seg sjølv at det blir viktig med ein siger.

– Korleis skal ein hente seg opp att etter eit slikt tap?

– Då må ein få restitusjon, søvn og kvile for å få kroppane i modus att. Viss du har andre gode tips, så tek eg gjerne i mot det, avsluttar Håvard Flo.