Hopp til innhold

- Betre trivsel i nynorskland

Språkforskar Øystein Vangsnes frå Leikanger har funne ut at nynorskkommunar gjer det best på levekårsindeksen. Det er ikkje tilfeldig, meiner han.

Øystein Vangsnes

- BEST I NYNORSKLAND: Språkforskar Øystein Vangsnes frå Leikanger.

Foto: Lars Nes

Øystein Vangsnes er frå Leikanger, men er tilsett som språkforskar ved Universitetet i Tromsø. Då kunnskapsminister Kristin Halvorsen denne veka fronta framlegget frå Utdanningsdirektoratet om å kutte eksamen og karakter i sidemål skreiv han ein blogg med tittelen Er bokmålet rota til alt vondt? .

LES OGSÅ: Embla Belsvik (17) skuffa over eige parti etter nynorskvedtak

LES OGSÅ: Sterk usemje mellom aust og vest om nynorsk

LES OGSÅ: SV-opprør mot sidemålskutt

I bloggen sin syner han to norgeskart, eitt laga av Statistisk Sentralbyrå som viser oversyn over levekårsproblem i landet, og eitt som syner kva målform det er i kommunane.

– Påfallande samanfall

Rett nok er kartet til Statistisk Sentralbyrå (SSB) frå 2007. Etter det har SSB slutta med å lage slike kart. Men Vangsnes meiner det er påfallande samanfall mellom lite levekårsproblem og nynorsk som målform. Og i alle kommunane med store problem er det bokmål som er målforma.

Torsdag kveld greip vg.no tak i bloggen til Øystein Vangsnes med tittelen - Livet er best i nynorskland.

– Dei fleste dialektane ligg nærare nynorsk enn bokmål i formverk. Fordi nynorsk i større grad reflekterer talemålet til folk, er det for dei fleste betre eigna til å gi ei sterkare språkleg sjølvkjensle. Det kan i sin tur slå ut på betre levekår, seier han til avisa.