Det var påstanden frå advokaten deira, Sjur Vinje, då anke-saka vart avslutta i Borgarting lagmannsrett fredag ettermiddag.
Dei to tenåringsjentene Belik kom hit til landet i 2003. Mora var her frå før. Utlendingsnemnda avslo søknaden om opphald. Jenten gikk til retten og bad om ny behandling. Dei peika på fleire sakshandsaminsfeil i nemnda, og at nemnda ikkje hadde lagt nok vekt på faren dei stod i for å bli selde som sex-slavar om dei vart sende tilbake.
Eit tema som var kome på dagsorden i langt sterkare grad her i landet etter at utlendingsnemnda handsama søknaden. Kirkens Nødhjelp engasjerte seg på jentene si side, ved å trekke dei inn i fasteaksjonen i fjor der tema var trafficking.
Nye opplysningar
Dei to tapte likevel saka i tingretten, og utvisingvedtaket vart stadfesta. No prøver dei saka i lagmannsretten, og Sjur Vinje seier dei der la fram nye opplysningar. Han vil ikkje seie noko om kva opplysningar dette er, mellom anna avdi deler av saka gjekk for lukka dører.
Ville skåne jentene
Men Sogn Avis skriv i dag at mor til jentene fortalde at far til jentene hadde vore delaktig i straffbare handlingar heime i Moldova, og det hadde ho ikkje fortalt tidlegare for å skåne jentene. Det vart også lagt fram andre nye opplysningar av familiær art.
- Forsøk på kidnapping
I tillegg stilte forsvaret med ein journalist som kjende tilhøva i Moldova godt, og som kunne fortelje mellom anna om den kvite slavehandelen og faren for å bli fanga opp av den. Jentene har fleire hendingar som dei oppfattar som forsøk på kidnapping av mafialiknande grupper i heimlandet.
- Håper inderleg at det går bra
Advok Sjur Vinje håpar dei nye opplysningane kan føre til anna konklusjon i retten. Men han vil ikkje spå om utfallet.
- Det er vanskeleg å vurdere. Vi har nye, viktige moment som er lagt fram. Eg håper inderleg at det går bra for jentene, seier Vinje.