Hopp til innhold

- Bedriftene i fylket er blant dei mest innovative i landet

Sogn og Fjordane er blant dei fylka som fekk mest pengar frå Innovasjon Norge i 2014.

Stiftio

NY BEDRIFT: Stiftio er i oppstartsfasen og har fått innvilga tilskot frå Innovasjon Norge.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

– Sogn og Fjordane sine bedrifter er på offensiven. Dei jobbar med utviklingsprosjekt og dei jobbar med omstilling. Bedriftene i Sogn og Fjordane er faktisk blant dei mest innovative i landet, forklarer Hjørdis Vik, leiar for Innovasjon Norge sitt kontor i Førde.

Sogn og Fjordane er på norgestoppen og fekk heile 470 millionar i lån, tilskot og rentestøtte frå Innovasjon Norge i 2014. Summen av løyvingar til fylket var den nest høgaste nokosinne. Fylket fekk løyvt tre gonger så mykje pengar som Oslo.

Det er stor variasjon i kva prosjekt som får støtte. Eitt av selskapa som fekk innvilga støtte i året som gjekk er Stiftio i Førde.

Selskapet lagar ein webportal for søkjarar til ulike stiftingar - som til dømes gir tildeler legat - og søknadshandsamarane frå desse stiftingane. Målet er å gjera det enklare å vere søkjar og å vere søknadshandsamar. Dei ynskjer å samla alt i ei enkel løysing, og fekk i oktober i fjor 150.000 kroner i etableringstilskot frå Innovasjon Norge.

Hjørdis Vik

HAR TRU PÅ FYLKET: Hjørdis Vik i Innovasjon Norge meiner at bedriftene i Sogn og Fjordane er flinke til å vera offensive.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Meir synlege og mindre konkurranse

Arild Finne Nybø er dagleg leiar i det nystarta Stiftio og har hatt god bruk for pengane frå Innovasjon Norge.

– I våre dagar er det vanskeleg å ta opp lån til risikoprosjekt. Ein veit jo ikkje om det blir ein økonomisk suksess, seier Nybø.

Han er usikker på kvifor bedriftene i Sogn og Fjordane får så mykje støtte frå Innovasjon Norge.

– Det kan vera at bedriftene er meir synlege her. Når me har ein innovativ idé, så er det lettare å få merksemd. Både i media, hjå potensielle kundar og Innovasjon Norge. Det er ikkje så stor konkurranse her i forhold til i dei store byane, seier Nybø.

Arild Finne Nybø

NØGD MED INNOVASJON NORGE: Arild Finne Nybø er glad for at bedrifta hans fekk innvilga pengar i 2014.

Bit frå seg på landsbasis

Stiftio

NYSTARTA BEDRIFT: Stiftio håpar på suksess i framtida, og har fått starthjelp hjå Innovasjon Norge.

– Trass i at Sogn og Fjordane er blant dei minste fylka i landet, så er me faktisk det fjerde største fylket når det gjeld løyvingar frå Innovasjon Norge, seier Vik.

Grunnane er samansette.

– Noko av dette handlar om at me er eit distriktsfylke, og derfor får noko ekstra på grunn av det. Men det viktigaste er at vi har eit næringsliv som er på offensiven og som har gode prosjekt som dei søkjer støtte om.