Det seier tidlegare fylkeskulturdirektør og no spesialrådgjevar for fylkeskommunen, Lidvin Osland.
- Årsaka er at det er her han høyrer heime. Vi har rett nok alle trykkplatene og myke av teikningane her, og vi fekk fatt i ein del i samband med Rekstensamlinga som blei omfordelt. Men her burde vore ein meir permanent utstilling, meiner Osland.

Kari på Sunde. Foto: Johan Albert Mohn AS
Kunstsamlar ikkje uvillig
Jon Christian Brynildsen, som i dag eig den største samlinga av Astrup, seier at denne tanken har han ikkje hatt noko tid til å reflektere over. Den unike samlinga hans omfattar kring 60 oljemåleri, ei rekke tresnitt og teikningar av den kjende Jølsterkunstnaren.
Bileta skal no ut på Norgesturné. Også tidligare har det vore lufta planar om ei nasjonal samling utan at det har resultert i noko konkret. Det seier Brynildsen, som ikkje er heilt avvisande til utspelet om ei plassering i heimtraktene til Astrup. Men han seier det krev både store nok lokale og kunstfagleg personale til å ta seg av samlinga.

Skisse til nytt museum. Teikning: Arki
Kunstgalleri på meieritomta
Og dersom ei slik samling skulle kome til Sogn og Fjordane, er det slik Osland ser det, berre ei naturleg plassering - i kunstgalleriet som er planlagt på den gamle meieritomta i Førde.
- Men slik situasjonen er i dag er det problem med både lagring og utstillingsplass. Dette må på plass, men ein kan begynne drøftinga om korleis ein kan få til eit heimkjøp, meiner han.