Ei permanent og tilgjengeleg Astrup-utstilling vil gjere at langt fleire får kjennskap til kunsten hans, meiner Loge.
- No får vi vist kva han står for i alle slags høve, til dømes når det er snakk om norsk kunsthistorie, naturen i norsk kunst og ikkje minst når det gjeld skuleundervisning, seier Loge.
- Ein gledens dag
Forfattar Øystein Loge er kanskje den som kjenner Astrup og kunsten hans aller best, og har skrive fleire bøker om målaren. Han karakteriserer gårsdagen som ein gledens dag, då det vart kjent at alle dei 1 100 Astrup-einingane til kunstsamlar Jon Christian Brynildsen skal til Bergen kunstmuseum.
- Eg trur det er positivt at ei så stor Astrup-samling vert tilgjengeleg på Vestlandet.
Astruptunet i Jølster. Foto: NRK
Til nytte for Astruptunet
Også Astruptunet vil ha stor nytte av at den enorme Brynildsen-samlinga kjem til Bergen kunstmuseum. No vil det bli langt lettare å få varierte og gode utstillingar i kunstnaren sin heimkommune, meiner Atle Hamar, som leiar eit kommunalt utval som arbeide med å utvikle Astruptunet.
- Det blir lettare å låne kunstverk no når det er lagt føringar på at Astruptunet skal spele ei rolle, seier Hamar,
Heimbygda meir kjend
Øystein Loge er meir oppteken av kunstnaren enn av heimbygda hans, men også han trur at ringverknadene av kunstovertakinga vil kunne merkast i Jølster.
- Denne Astrup-samlinga vil i større grad gjere Astrup si heimbygd berømt. Det er lett å reise vidare frå Bergen til Jølster for å sjå heimen og motiva hans, seier Loge.